Mest rusmisbruk utanfor storbyane
Det er ikkje storbyane, men nabokommunane til byane og særleg industristader som har den største delen av rusmisbrukarar, ifølgje ei kartlegging frå Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kartlegginga viser at industrikommunar har meir enn dobbelt så mange rus- og alkoholmisbrukarar per innbyggjar som storbyane.
– Det ser ut til å grunne i historiske forhold, i tillegg til situasjonen som oppstår når industrien mister fotfestet og moglegheitene for jobb blir færre blir færre, seier forskingsleiar Sverre Nesvåg ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (Korfor) i Helse vest til Vårt Land.
49 kommunar er med i kartlegginga. Den viser at det i Oslo er færre enn ein av 100 innbyggjarar som er rusmisbrukarar. I Odda er 2,5 av 100 innbyggjarar rusmisbrukarar. Andre industrikommunar med høg del stoffmisbruk blant innbyggjarane er Sauda, Narvik og Tokke.
– Den einsidige arbeidsmarknaden fører til at dei mest ressurssterke ungdommane reiser vekk. Dei som blir att har ofte sosiale eller familierelaterte problem, noko som skaper grobotn for alkohol- eller narkotikamisbruk, seier Nesvåg.
Kartlegginga viser også at det er ein større del rusavhengige personar busett i kommunar i utkanten av større byar.
– Store byar har lenge hatt problem i drabantbyane. No finn vi oftare omfattande rusproblem i kommunane som ligg lenger borte, i randsonen rundt byane, seier Nesvåg. (©NPK)