Marken Kurt er til sals
Ein skjåkværing sel marken Kurt – fordi han treng for mykje merksemd.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På finn.no vi den kuriøse annonsa om at meitemarken Kurt er til sals. Kurt har visstnok heimen sin i Nordberg, men eigaren har ikkje lenger høve til å ta seg av han.
LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda
– Dette er Kurt. Han er ein helt vanlig meitemark. Må seljast på grunn av at han treng for mykje merksemd og eg har ikkje moglegheit til å ta han med på jobb/skule, heiter det i annonsa.
Kurt trivst best når ein er saman med honom og tek han med over alt.
Med på Kurt-kjøpet får du òg venene hans, Turi og Bernt. Kurt vart nemleg i sin tid delt i tre …
Sjekk heile annonsa her.
LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd