Målpris til elevrådet i Odda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 1914 har ungdomsskuleelevar i Odda vore inndelt i separate nynorsk- og bokmålsklassar.

Ordninga, som vert kalla Odda-modellen, er unik i Noreg.

Fleire gongar har ordninga vore truga av kommunale kutt.

Politikarane i Odda freista før jul å spare 2 millionar kroner årleg på å kutte ordninga, men ungdommane meinte dei var verdt den ekstra kostnaden.  

Det enda med at ordninga vart redda i jubileumsåret.

– Det er kjempebra at dei har høyrt på oss ungdommar, sa elevrådsleiar Sigrid Walle til Framtida.no, etter å ha fått dei gledelege nyheitene i desember i fjor.

LES OGSÅ: Forfattaropprop for Odda-modellen

Elevråd med sakleg tyngd
Odda Mållag er fulle av lovord om innsatsen frå vinnarane av Målprisen 2014. Dei meiner elevrådet har forsvart språkdelinga med stor sakleg tyngd, og difor har mykje av æra for at kommunestyret valde å halda fram med språkdelinga òg i komande skuleår.

«Alle elevrådsrepresentantane har slutta heilhjarta opp om språkdelinga. Dette viser at språkdelinga er ei sak for både bokmålselevane og nynorskelevane ved Odda ungdomsskole. Språkdelinga vert verdsett fordi ho er eit pedagogisk verkemiddel som fremjar eit godt læringsmiljø på skulen. Og eit godt læringsmiljø gagnar alle elevane,»heiter det i grunngjevinga.

Prisen er eit trykk av kunstnaren Solfrid Aksnes.

LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen landet over

Vil gå nasjonalt
På landsbasis har norske elevar rett til å gå i språkdelte klassar til og med sjuande klasse, så sant det er ti elevar eller meir som har same målform.

I Odda har dei utvida denne ordninga til ungdomsskulen med stor suksess. Målbyte er eit nesten ikkje-eksisterande problem i vestlandskommunen.

Noregs Mållag går inn for at Odda-modellen skal verte ein nasjonal standard og Odda Mållag vonar at ungdomsskuleelevane kan verte gode talspersonar for denne saka.