Mållaget reagerer på offentleg engelskskule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om denne utviklinga grip om seg, vil det føra til ei alvorleg svekking av bruken av norsk språk i norsk skule, og det vil styrkja ei utvikling som går i retning av at engelsk blir det einaste brukte språket i norsk undervisnings- og arbeidsliv, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ein kommentar på nettsidene til Mållaget.

Internasjonal læreplan
Det er Utdanningsdirektoratet som har sagt ja til søknaden frå Manglerud skole.

På nettsidene til skulen heiter det at all undervisning i det nye skuletilbodet er på engelsk etter internasjonal læreplan, men at det blir gjeve undervisning i norsk som morsmål og i norsk som andrespråk. Tilbodet er eit forsøksprosjekt og omfattar i første omgang 1.– 4. trinn, men planen er at tilbodet skal byggjast ut år for år til det omfattar 1.– 10. trinn.

Ifølgje Mållaget skal undervisningsopplegget på Manglerud skole følgja systemet som blir følgt på Oslo International School og 18 andre private grunnskular.

Fryktar svekking av norsk språk
Mållagsleiaren meiner tilbodet reiser viktige prinsipielle spørsmål.

– I ytste konsekvens står det her om framtida til norsk språk i Noreg både bokmål og nynorsk. Den norske offentlege skulen skal ikkje vera ein skanse som gjev etter og tildeler norsk språk ein andrerangs posisjon i Noreg, seier han.

Aasbrenn seier vidare at Noregs Mållag håpar at forsøksordninga ikkje blir utvida til andre offentlege skular før prosjektet er evaluert etter utgangen av 2020.

– Paradoks
Noregs Mållag seier dei forstår den pedagogiske tanken bak forsøket, men synest likevel det er underleg med eit slikt tilbod i offentleg regi.

– For Mållaget er det vanskeleg å forstå at i ei tid då mange meiner norske elevar er urovekkjande dårlege i norsk, så opnar Utdanningsforbundet for ein skule der elevane skal ha undervisning på eit anna språk enn på det offentlege språket i landet vår, seier Aasbrenn.

Han viser til at engelsk ofte pressar seg fram uansett og meiner kunnskap om eige språk og eigen kultur er det det ofte skortar mest på.

– Språket ein underviser i på skulen viser kva prioriteringar eit samfunn gjer når det gjeld framtida og overleveringsevna til eigen kultur, seier Magne Aasbrenn.

Liknande forsøk på Sørlandet
Oslo er ikkje den første kommunen i Noreg som gjennomfører eit slikt forsøk. Utdanningsdirektoratet opplyser til Nynorsk pressekontor at Arendal kommune hadde eit forsøk med såkalla IB-tilbod i grunnskulen frå skuleåret 2006/2007 og til og med skuleåret 2012/2013.

Kristiansand kommune hadde også eit slikt forsøk i grunnskulen frå 1. januar 2008 til og med skuleåret 2012/2013.

Arendal International School er no ein friskule etter friskulelova, det vil seia ein privatskule med statstilskot, medan Kristiansand International School er ein privat skule utan statstilskot, opplyser Utdanningsdirektoratet. (©NPK)