Tema: Ungdommens nasjonalforsamling, Samferdsle

– Lytt til bussekspertane

Krev heving av aldersgrensa for vaksenbillett, og gjennomgang av rutetilbodet.

Svein Olav B. Langåker
måndag 15. november 2010 16.05

– Lytt til bussekspertane

Rutetilbodet til ungdom i Noreg er svært varierande. Nasjonalt ungdomspanel ønskjer no ein gjennomgang av kollektivtilbodet

– I mange distrikt er rutetilbodet langt frå godt nok. Då er det viktig at ungdom får seia meininga si. Ungdom er hyppige brukarar av kollektivtransport og sit på mykje kunnskap om kva som kan bli betre, seier Vetle Wang Soleim, leiar for Nasjonalt ungdomspanel.

Vil heva aldersgrensa
Framtida.no kunne tidlegare i haust fortelja om store prisforskjellar på ungdomskort.

– Me ønskjer at alle ungdomar skal få eit godt tilbod til ein billeg penge. Mange ungdommar er avhengige av kollektivtilbod, og det er viktig at prisen er låg, seier Soleim. Prisforskjellane på ungdomskort har førebels ikkje vore tema, men han fortel at fleire ungdomsråd i fleire fylke har tatt opp spørsmålet om eit nasjonalt ungdomskort.

Det er også eit prioritert krav at aldersgrensa for vaksenbillett blir heva frå 16 til 18 år.

Første møte
Nasjonalt ungdomspanel hadde første møtet sitt denne helga. Eirik Christoffer Hamre blei valt til nestleiar.

Nasjonalt ungdomspanel blei valt av Ungdommens nasjonalforsamling tidlegare i haust. Der blei kravet om betre kollektivtilbod, heving av aldersgrensa for barnebillett, førstehjelpsundervising i skulen, nye fråversreglar, organisering av medverknadsorgan for ungdom på nasjonalt og fylkesnivå dei fem sakene som blei stemt fram som kampsaker for det neste året.

LES OGSÅ: Her er dei viktigaste fem sakene

– Me har laga handlingsplan for alle desse fem sakene. No skal me samarbeida med dei det er naturleg å samarbeida med, seier Vetle Wang Soleim.

Sjå video etter møtet til Nasjonalt ungdomspanel! (ekstern lenkje)

Møtte stortingspresidenten
Veka før møtet fekk Vetle Wang Soleim møta stortingspresident Dag Terje Andersen for å snakka om korleis ein kan etablera eit permanent nasjonalt ungdomspanel.

– Han synst det var ein god ide, og var frykteleg positiv, fortel Vetle Wang Soleim.

 

Synst du det er ok at 16-åringar må betala vaksenbillett på bussen?


Oppdatert: tysdag 16. november 2010 14.24
Kommentarar 0

 
ANNONSE: