Kvinnekrøll og homosurr

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert i Panorama, Høgskolen i Molde si nettavis.

Dette vil føre til at det ikkje blir fødd nok ungar til at vi kan oppretthalde innbyggjartalet. Det er jo synd, så eg kritiserer ikkje at dette temaet blir teke på alvor og diskutert. Eg skal likevel driste meg til å kritisere måten kvinnene blir forsøkt lokka tilbake på. Og eg vil påpeike eit anna problem som distrikts-Noreg har, som også burde skapt bekymring, nemleg at bygdene blir drenerte for menneske med ei homofil legning.

Kva kommune er det som, etter å ha innsett at homofile flyttar i hopetal til byane og aldri kjem att, opnar armane sine og seier: «Velkomen heimatt, her er det like stort rom for dykk som for fruktbare kvinner og barnefamiliar!» Ingen, så vidt eg har fått med meg.

LES OGSÅ: Forskarar: – Berre ute etter livmora

Altså, eg forventar jo ikkje at dei skal seie det så direkte. Likevel trur eg inntrykket mange kan få av tilflyttingskampanjar, brosjyrer og velkomstbrev er dette: «Den aller største verdien du som tilflyttar kan tilføre kommunen, er reproduksjonsevnen din. Men obs, denne er lite verdt viss du ikkje har deg med nokon av motsett kjønn og droppar prevensjon tilstrekkeleg mange gongar til at det blir nokre ungar av det.»

Eg bur sjølv i Surnadal no, men vekependlar til Oslo store delar av året i og med at eg sit på Stortinget. Sidan eg etter å ha studert nokre år flytta tilbake til Nordmøre i 1998 og kom inn i kommunestyre og formannskap i Surnadal kommune i 1999, har eg meint mykje og mangt om dette temaet. Eg har ofte uttalt at eg misliker sterkt om det er evnen og viljen til å få ungar som skal avgjera kor velkomen vi kvinner skal kjenne oss viss vi skal bu utanfor byane.

Ei anna dame som har tenkt i dei same banar, er Maria Dyrhol Sandvik, som i januar i år skreiv teksten «Men livmora mi får du aldri» i Røyst. Ho oppsummerer tematikken så fint med spørsmålet: «Kvifor skal utflytta bygdejenter flytte heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken?» Det er jo flott at vi verdset kvar einaste ny verdsborgar, men viss målet er å auke innbyggjartalet i distrikts-Noreg, kan resultatet bli det motsette viss vi kvinner oppfattar det som at livmora vår blir meir verdsett enn hjernen vår.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

I år 2000 fekk eg ein son sjølv, eit lite nurk med masse mørkt hår og oppvakte auger som sjølvsagt vart uendeleg mykje verdt for meg. Eg har nyleg sett han stå på scena i Surnadal kulturhus i førestellinga «Milleniumsbarna», der han og dei andre tiandeklassingane i kommunen har presentert artige sketsjar og filmsnuttar, samt mykje fin dans og song. Av ulike grunnar har eg aldri fått fleire ungar, men gjett om det har vore ein del mas om at eg burde få det!

Dei første åra etter årtusenskiftet kom det kommentarar om at eg burde få minst ein til, og nokre presterte til å med å seie at det var egoistisk å få berre éin unge. Eg visste jo sjølv at eg nesten hadde stroke med av den mest alvorlege forma for svangerskapsforgiftning og måtte få akutt keisarsnitt. Ein relativt stor andel av dei som opplever dette, får ikkje fleire barn. Synd, men sant.

LES OGSÅ: Krevjande å vere skeiv på bygda

Eg slår såleis eit slag for mangfaldet i distrikta. I tillegg til det opplagte, at vi må inkludere våre nye landsmenn og ta varmt imot folk med beskyttelsesbehov som får opphald her, må mangfald i distrikts-Noreg også inkludere kvinner og menn utan forplantningsevne eller –ønske, i tillegg til folk med ei anna seksuell legning enn fleirtalet.

Heldigvis har toleransen for homofile og lesbiske vorte svært mykje betre dei siste tiåra, både i by og land, men eg trur likevel det er uforhaldsmessig mange av desse som vel å bu i by i staden for på bygda. Det kan det vera fleire grunnar til, men ein av grunnane bør ikkje få vera at dei ikkje kjenner seg velkomne.

LES OGSÅ: Her er kvinnene i fleirtal