Kvifor held nokre bygder på dialekta og andre ikkje?

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.08.2017 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– Eg kjem frå Lom, men eg knotar(*).

Ane Hovde Bø svarar litt unnskyldande på spørsmålet om ho er lokal og kan tenkja seg å snakka litt om dialekta si.

21-åringen jobbar som sommarguide hjå Aktiv i Lom, som kan freista med både klatrevegg og Prestfosstraversen – ein zipline, eller taubane om du vil – over elva Bøvra.

*For dei som ikkje har verbet å knota som ein del av sitt vokabular, kan nynorskordboka informera om at det dreier seg om å «tale (skrive) oppstylta, unaturleg»eller å «danske».

Turistkrysset
Lom kommune i Nord-Gudbrandsdalen, som i gamledagar låg avsides utan togsamband, er i dag eit knutepunkt mellom aust og vest. I bygda der riksveg 15 møter fylkesveg 55 – ofte kalla Sognefjellvegen – stoppar norske, danske, nederlandske og tyske turistar for å smaka bollar frå det vidgjetne Bakeriet i Lom.

Er du friluftsentusiast er det hit du reiser for å kryssa det høgaste punktet i Noreg av lista over plassar ein må vitja før ein dør. Kommunen er stolt ambassadør for fjellområdet Jotunheimen og kan skryta av å ha både Glittertind (2452 moh) og Galdhøpiggen (2469 moh) innafor sine grenser.

Med all denne turismen er Ane blitt van med ikkje å bli forstått. Seinast dagen i førevegen tok ho seg difor i å snakka bokmål åt ein lomvær.

– Turistane skjønar ikkje alt eg seier, så då blir det naturleg for meg å prata bokmål. For å vera ærleg så vil eg jo halda på dialekta mi, men det blir jo vanskelegare og vanskelegare når folk ikkje skjønar kva oss si, forklarar 21-åringen, som òg opplever at studiekameratane i Trondheimikkje skjønar alt ho seier.

Berre eit fåtal av unge hallingdølar svallar halling. Bli med på dialektleir!

Frå ein dal til ein annan
Fleire austnorske dialekter har dei siste tiåra vorte stadig meir truga av oslomålet. I Hallingdal har det gått så langt at Hemsedal Mållag i sommar arrangerte dialektleir for born for tredje året på rad.

Hallingdal kan på sett og vis samanliknast med Nord-Gudbrandsdalen, fordi båe plassane har mykje turisme knytt til naturen og ein sterk folkemusikktradisjon. I tillegg har dei lokalavisene Hallingdølen og Fjuken – som båe held på nynorsken.

Stolte bygdefolk held på dialekta. Sportsheltar, kulturkjendisar og flott industri er ifølgje eit forskingsprosjekt frå tusenårsskiftet faktorar som innbyggjarar er stolte av, og som hjelper dei å halda på dialekta, sjølv om dei bur borte frå heimbygda.

Prosjektleiar var Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

– Det handlar om å vera stolt av den geografiske, sosiale og kulturelle bakgrunnen sin. Det er knytt til identitet og personlegdom. Det kan vera farleg å snakka om sterke og svake personlegdommar, men det kan dreia seg om trygg eller utrygg, seier Akselberg på telefon frå heimbygda Voss.

Vossaparallell
Er du trygg på eigen identitet og kulturen du representerer med dialekta di, er det med andre ord lettare å halda på dialekta, enn om du har mindreverdigheitskompleks på vegner av heimbygda.

I tillegg til desse indre faktorane peikar Akselberg på ytre faktorar, som kommunikasjon, anten det er med bil, buss, tog, og fly eller telefon og internett.

Gudbrandsdalen og Hallingdal liknar ved at båe er trafikknutepunkt. Gjennom båe dalføra går det veg mellom nokre av dei største byane i Noreg. Likevel er det ein annan stad lingvisten dreg fram i samanlikning med Lom. For på same måte som vossingane er stolte av å vera frå Voss, er lomværane stolte av å vera frå Lom.

Dynamisk dialekt
Akselberg er oppteken av at dialekt er noko dynamisk, som ikkje skal halda seg til ei bestemt norm.

– Eg plar seia til studentane mine at ei levande dialekt rører på seg og ei daud dialekt er ei som stivnar. Media er veldig oppteken av at dialektene endrar seg og er daude. Det er ei vanleg oppfatning at bydialekt spreier seg og valsar ned dialektane, forklarar Akselberg, som meiner at det like mykje er byfolket som flyttar utover, som dialekta deira.

Om noko, ser Akselberg at det vert mindre vanleg å leggja permanent om for å passa inn i ei viss stilling og posisjon, medan det er lov å knota på dialekta i visse samanhengar.

– I norsk media møter ein mykje dialekt. På den måten er det nesten eit lite dialektparadis. Det er svært få land i verda som har så mykje dialekt i det offentlege rommet. Og nynorsken har knapt nokon gong vore så profilert i samfunnet som i dag.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i Midt-Gudbrandsdalen

Ingen nynorsklektor
Då 22 år gamle Marthe Trønnes byrja studera for fire år sidan, var ho fast bestemt på å prata dialekt heile tida, men det siste året tek ho seg i å leggja litt for mykje um.

– Eg har lett for å slå om for å prata meir effektivt og bli forstått. Men eg er glad i dialekta mi og prøver å bruka ho så mykje eg kan, seier lektorstudenten, som satsar på realfag.

Men medan Marthe har bytt hovudmål til bokmål etter at ho byrja å studera, har Ane halde på skriftspråket sitt.

– Eg synest eigentleg det er mykje greiare å skriva på nynorsk. Eg synest eg skriv betre. Samstundes så er det jo litt stas når ikkje alle kan det, ler Ane, som møter på utfordringar når medstudentar skal retta tekstane hennar.

Men på sosiale medium er det dialekt som gjeld for båe to – så lenge mottakaren ikkje har vanskar med å forstå. Marthe skriv dialekt til byfolk, med mindre ho kjenner dei «jælma godt».

LES OGSÅ: Unge vestlendingar skriv dialekt på Facebook

Arkitekturen i Lom ber preg av at bygda vil ta vare på sitt tradisjonelle image. I same gata som det vidgjetne Bakeriet i Lom finn du Smak i Lom, med eit breitt utval lokale godsaker.

Ordførarens kontor
Rundt hundre meter – eit langt steinkast – frå boltreplassen til Aktiv i Lom ligg kommunehuset.

«Kom til Lom» står det på eit klistremerke på arbeidsmaskina til ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Senterpartipolitikaren er ikkje redd for dialektstoda i bygda, som han meiner berre har vorte betre og betre, særleg dei siste ti åra.

– Noko som eg kanskje er meir uroa for, er at dei lett vel bort nynorsken når dei kjem opp i vidaregåande eller på høgskulenivå. Det skremmer meg litt, samstundes som eg er glad for at dei held på dialekta. Ungdom skriv mykje dialekt på sosiale medium, noko som er både på godt og vondt. Dialekt er bra å bruka munnleg, så trur eg ein skal vera litt forsiktig med det skriftleg, seier Holø, som likevel må medgje at han gjerne tyr til dialekt på chat.

Lingvist Akselberg er ueinig med ordføraren og meiner fordelane med den enorme tekstproduksjonen blant ungdomane veg opp for ulempene.

– Det gjer òg sitt til at unge får eit mykje meir medvite forhold til dialekt, understrekar språkprofessoren.

LES OGSÅ: – Vågå-dialekta fekk ei viktig rolle

Vågå-saka
Men attende til ordførarens kontor.

Om du no får visse assosiasjonar når det er snakk om dialekt på chat i området rundt Vågå, er du neppe åleine.

– Var det slik at de merka den negative merksemda som Vågå-dialekta fekk under straffesaka mot Rune Øygard for tre år sidan?

– Me merka at det vart harselert med dialekta vår. Det vart ein del ord og uttrykk som vart assosierte med den saka – som gjerne vart vrengde ein del på, som me ikkje kjende oss att i. Som blautt – eit ord me brukar når det regnar og du går uti marka. Sei «det er blautt i graset». Så vart det sett på som eit ord som var slik … Det er det ordet eg hugsar som når folk sa det så var det slik … oi sann.

Ordføraren stoppar opp.

­– Det er spesielt, men no trur eg det er meir eller mindre borte att.

Lokalt næringsliv
Senterpartiordføraren trur at stoltheit og identitet er viktige stikkord for at dialekta står så sterkt i området. Her løftar han fram dialektambassadør Arne Brimi, som strengt tatt er frå Vågå, men som er sterkt assosiert med nabobygda Lom, der han starta kokkekarrieren sin. Motorkrosskøyrar André Villa er ein yngre dialektambassadør, som òg er stolt vagvær.

Holø peikar òg på at mykje av det lokale næringslivet er lokaleigd og at det difor vert brukt dialekt på arbeidsplassen.

Lom kommune er bevisst på å bruka nynorsken aktivt i marknadsføring, og ordføraren sjølv er ikkje redd for å stressa næringslivet litt for å betra nynorskstoda.

Smakfull krim
Ei av bedriftene som både leverer nynorske menyar og dialekt bak disken er Smak i Lom, der ein kan få lokal mat frå Brimi gard. Her har krimduoen Kroken & Kolden reservert bord.

I år feirar Diktardagane i Lom og Lom bibliotek, som tidlegare har vorte kåra til landets beste, hundreårsjubileet for Tor Jonssons fødsel. Diktaren og bladfyken frå Lom er kanskje best kjend for å ha gitt oss uttrykket bygdedyret, eit uttrykk forfattar Ragnhild Kolden kunne prata lenge om.

Ho er ein del av den Oslo/Lom-baserte krimduoen Kroken & Kolden, som gjev ut nynorsk krim på Samlaget. Til vanleg er Kolden busett i Oslo, noko ho har gjort dei 25 siste åra. Før det igjen var ho åtte år i Trondheim.

– Eg pratar dialekt, uansett kvar eg er. I Trondheim trong eg ikkje leggja om i det heile teke, for trønderane er jælma flinke. Men i Oslo må du leggja om litt, mellom anna fordi det er mange innvandrarar. Og på telefon må du unngå dei verste dialektorda, seier Kolden før ho rettar seg sjølv:

– Ikkje dei verste, men vanskelegaste.

– Er det vanskeleg å halda på dialekta når du må leggja om enkeltord for å bli forstått?

– Ikkje vanskeleg, men det er litt irriterande. Då føler eg liksom at …

– Du ikkje får vera deg sjølv, skyt Kroken inn, og gjev Kolden vatn på mølla.

– Ja, det er noko med det. Om me blir sinte eller engasjerte. Du får liksom ikkje uttrykt alt du vil, om du ikkje får bruka ditt eige språk. Men så tenkjer eg at for innvandrarar, som kanskje ikkje får prata språket sitt på månadsvis, er det jo hundre gongar verre. Så ein skal ikkje klaga. Men eg kjenner ein irritasjon når eg må seia veldig i staden for jælma, når eg er i Oslo. Eller – eg ikkje, men eg gjer det.

Knoting i Oslo
Sommaren brukar Kolden heime i Bøverdalen. Saman med Vigdis Kroken er ho i gang med si fjerde krimbok. Stuttreiste mord frå Lom kallar dei det, forfattarane som brukar både lokale stader og personar i krimplotta sine.

– Oss har drepe ein person allereie, det gjer me med ein gong, ler Kroken, som til dagleg jobbar som journalist i lokalavisa Fjuken.

Kroken er heimekjær, men òg ho reiste til Oslo for ein periode på 80-talet.

– Det gjekk jælma fint, men det var andre i mi aldersgruppe som reiste åt Oslo den gongen, som fekk beskjed om at dei måtte leggja frå seg dialekta på arbeidsplassen sin. Eg veit om i alle fall ei som slo om frå lomvær og byrja knota, som me seier, på fyrste arbeidsdagen sin.

Faktaboks

Lom kommune i Oppland

Ligg saman med nabokommunane Vågå og Skjåk i Ottadalen, ein sidedal til Gudbrandsdalen

Grensar òg til Lesja, Vang i Valdres og Luster i Sogn og Fjordane

Den sørlege delen av kommunen er ein del av Jotunheimen nasjonalpark

Både Galdhøpiggen (2469 moh) og Glittertinden (2452 moh) ligg i Lom

Areal: 1969 km2 (2016)

Innbyggjartal: 2347 (2015)

Administrasjonssenter: Fossbergom

Administrasjonsspråk: Nynorsk

Lom var tidleg ute blant austlandskommunane då dei innførte landsmålet i skulen i 1899

Kjelde: SSB, SNL