«Kvifor får ikkje dei positive sidene med russetida meir fokus?»

Inger Helgestad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tida som gjer foreldre nervøse

I desse dagar byrjar den mykje omtalte russetida. Tida som kvart år genererer nye debattar, nye samtalar og nye naboklager.

Tida der forventningsfulle tenåringar tek på seg sine nye raude, blå eller svarte bukser og har det gøy i to veker i strekk.

Tida – som saman med fuglesong og snøfrie vegar – er ein av dei sikraste vårteikna ein kan sjå.

Tida som gir dei fleste foreldre eit nervøst stikk i magen.

LES OGSÅ: Er dette strengaste skulen i russetida?

Sjølv er eg raudruss i år, og gler meg masse. Eg ser for meg ei tid der eg skal ha mykje moro med gode vener, samtidig som eg også gler meg til å treffe nye menneske.

Dei aller fleste eg snakkar med, ser tilbake på russetida som ei fin og morosam tid der samhald var ein stor del av feiringa.

Ei tid der ein vart enda betre kjend med klassekameratar og stifta enda fleire kjennskap. Ei tid ein hugsar resten av livet.

Kvart år lurar eg på kvifor ikkje denne positive sida av russetida får meir fokus. Når eg spør andre om deira russetid, er dette noko dei hugsar godt, nesten uavhengig av kor mange år det er sidan.

Det er kanskje ikkje alle minner som er like fantastiske – men er det ikkje slik livet er? Det viktigaste er vel å hugse og lære?

Likevel blir russetida ofte omtalt i eit negativt tonelag, og oftast av vaksne menneske som moglegvis har gløymt korleis det var å vere 18-19 år og snart ferdig med tre lange år på vidaregåande.

Sjølvsagt har russetida sine feil og manglar, men den har faktisk også ein del positive sider og opplevingar knytt til seg – opplevingar eg syns ungdommane skal få nyte.

Likevel er det sjølvsagt ein grunn til at foreldre kjenner det knyt seg litt i magen ved snakk om russetida.

Mange ungdommar gløymer å tenkje konsekvensar og gløymer kva verknadar alkohol har på kroppen.

Samtidig er det ikkje alle som vil russen godt, og russejenter med litt for mykje alkohol innabords kan altfor lett bli eit offer for handlingar det på ingen måte er greitt å utføre.

Slikt er viktig å hugse på når russetida står for dør og festing blir hovudfokus for mange.

Valdtekt, som altfor mange opplever å bli utsett for, er absolutt ikkje greitt, men det skjer likevel, og det er viktig at ein som russ passar på seg sjølv og venner ein har rundt seg.

Til slutt ønskjer eg å kome med ei oppmoding til andre medruss i 2016; kos deg og skap minner for livet, men ikkje gløym å ta vare på deg sjølv.

LES OGSÅ: Russebil godkjent for rulling