Kvar tredje bonde vil leggje ned med Høgre-politikk
Dersom Høgre får gjennomføre landbrukspolitikken sin, vil nesten ein tredel av bøndene avvikle drifta, viser ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av tre vil slutte med Erna
AgriAnalyse har gjort undersøkinga for Norges Bondelag. Dei har spurt bøndene korleis dei trur følgjene blir av landbrukspolitikken til Høgre og Frp, og korleis framtida blir dersom politikken til regjeringa blir vidareført.
Ikkje overraskande er bøndene mest negative til Frp. Nesten halvparten reknar med å avvikle drifta dersom denne landbrukspolitikken blir gjennomført. Mest negative er dei til å redusere budsjettoverføringane på 6,5 milliardar kroner og fjerne tollsatsar.
Også når det gjeld landbrukspolitikken til Høgre, er det reduksjonen i budsjettoverføringane på 1,5 milliardar kroner som blir oppfatta som mest negativ. På landsbasis svarar 30 prosent av bøndene at dei vil avvikle drifta dersom alle Høgre-forslaga blir gjennomført dei neste fire åra.
Dersom landbrukspolitikken til regjeringa blir vidareført dei neste fire åra, er det berre fire prosent som svarar at dei vil avvikle.
QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?
Bønder på Vestlandet og i Nord-Noreg med små og mellomstore bruk er mest skeptiske til landbrukspolitikken til Høgre og Framstegspartiet. På Vestlandet vil heile 39 prosent leggje ned med Høgre.
Undersøkinga vart sendt ut til 3590 respondentar og hadde ein svarprosent på 24. (©NPK)