Kulturrådet kuttar mest i nynorsken
Kulturrådet kutta torsdag 1,1 million kroner i støtta til utgjeving av nynorsk litteratur. Også støtta til vekeaviser vart kutta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kuttar mest i nynorsken
Vedtaket vart gjort etter at regjeringa kutta vel 10 millionar i støtte til litterære føremål i statsbudsjettet for 2014. Det var venta at Kulturrådet ville kutta i innkjøpsordninga, noko dei også gjorde. Ho blir redusert med 5,3 millionar kroner i år, ved ei såkalla avkorting. Det vil seie at forlaga får litt lågare betaling per bok i dei to skjønnlitterære innkjøpsordningane for barn og vaksne.
Resten av kutta gjer Kulturrådet i klassikarstøtta, nynorskstøtta, ymse tiltak og periodiske publikasjonar, ifølgje ei pressemelding.
I prosent er det produksjonsstøtta til utgjeving av klassikarar og nynorsk litteratur som må tåla dei største enkeltkutta – med høvesvis 53 og 35 prosent.
LES OGSÅ: Avisa Nynorsk er størst
Stort kutt
Produksjonsstøtta til nynorsk litteratur er kutta frå 3,1 til 2 millionar kroner. Støtta skal ifølgje nettsidene til Kulturrådet gå til bokutgjevingar for barn og unge, fleire teikneserieutgjevingar på nynorsk, god nynorsk sakprosa i bøker, tidsskrift og vekeaviser og utviklingsprosjekt der forfattarar som skriv nynorsk og bøkene deira blir presenterte på mange og ulike måtar.
Fleire av utgjevingane til Skald forlag fekk støtte i 2013. Det gjorde også Norsk Barneblad og Syn og Segn.
LES OGSÅ:Låner faretruande lite nynorsk
Mindre til vekeaviser
Når det gjeld kutta for periodiske publikasjonar, blir tidsskrifta skjerma, medan vekeavisene får redusert tilskotet frå vel 16 millionar kroner til 14,5 millionar. Dette omfattar mellom anna Dag og Tid og Morgenbladet, som kvar fekk nesten 5 millionar i støtte i fjor.
Kulturrådet vedtok torsdag også at innkjøpsordninga skal gjennomgåast og fornyast før 2015. Innkjøpsordninga utgjer cirka to firedelar av det totale litteraturbudsjettet.
– Kulturrådet har sidan oppstarten i 1965 følgd nøye med på utviklinga i litteraturen som kunstart og i bokbransjen. Årets kutt intensiverer behovet for å tenkja nytt om litteraturstøtteordningane. Men arbeidet med ei revitalisering var påbyrja lenge før Statsbudsjettet for 2014 blei vedtatt, seier Anne Oterholm.