Knekkebrød, gjedder og glitterlim

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilsprø bokdebut

Han kallar seg ikkje forfattar, sjølv om han er fersk bokdebutant. Markus Lantto er kunstnar, som har gjeve ut ei bok. Kanskje vert det fleire, men det er ikkje sikkert. Han freistar å forklare det for venene, at dette er ikkje fyrste steg i ein ny karriere.

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Sprø som eit knekkebrød
Kjært barn har mange titlar. Framtida møter kunstnaren, instrumentmakaren, musikaren, rammemakaren og altmoglegmannen på kafé i Oslo.

Svensken har reist heilt frå heimbyen Trondheim for å stille opp hjå Aftenposten, som skriv om bokhausten. Hans bidrag er den vesle underfundige boka «Bruken av gjedde»– ei samling av tekstar som ikkje har ein altfor tydeleg raud tråd.

41-åringen har lese den eine bokmeldinga av boka hanssom er kome til no.

– Meldaren meinte det var heilt ubegripeleg og at det var slikt som burde bli i ein skrivebordsskuff, forklarar Lantto.

Under tittelen «Sprø som et knekkebrød», meiner Vårt Lands meldar at boka «…roter seg ut i absurde fortellinger som skaper en rotete leseropplevelse».  

LES OGSÅ: Ikkje gravalvorleg poesi

Riddar Kato og Elvis
Opphavsmannen trekk på skuldrene av kritikken, og er attpåtil ganske nøgd. «Jättekul», tykkjer han at det er.

– Eg tykkjer det er mykje meir interessant med negativ kritikk enn positive tilbakemeldingar. Ein må ikkje forsvare seg med positive tilbakemeldingar, slik ein må med negative, seier Lantto.

Både han og forleggaren i Samlaget er klar over at det er ei smal bok. Om det kjem fleire meldingar ventar han seg meir av det same. Boka ikkje er som eit figurativt bilete. Det er ei rekkje innfall.

I dei korte tekstane møter Markus ikonet Elvis – som tek ei rekkje handverkskurs, ein utanomjordisk vert teke inn i varmen av ein amerikansk sheriff, riddar Kato frå Astrid Lindgrens Mio min Mio sleikar ræv og Barbro spøker i bakgrunnen.

LES OGSÅ: E-post frå Ragnar Hovland

Kom til saka!
Han har ikkje vore redd for å bruka seg sjølv og sine nære, sjølv om sanning vert vikla saman med fantasi.

– Det som er viktig er at eg sjølv opplever det som sant. Då vert det interessant å skrive. Ta til dømes ei kontaktannonse. Der har eg brukt mitt namn og det er mitt telefonnummer som står der. Det hadde kjentes feil om eg skulle dikta opp eit telefonnummer, forklarar Lantto, og legg til:

– Eg vert litt skeptisk når eg ser desse tjukke bøkene med oppdikta historier. Har du noko å fortelje, kan du ofte seie det på halve boka. Mange bøker er aldeles for lange. Eg er livredd for å keia folk med lange historier som ikkje kjem nokon stad. Kom til saka!

Sjølv les han aldri bøker, og påstår at han ikkje kan noko særleg om kunst heller, sjølv om han har ein master frå universitetet i Umeå. Kanskje er han for lat til å lese? Han kan ikkje sin Dostojevskij og sine samtidskunstnarar. Det han derimot kan er å snekre saman kunstverk, utstillingar, nøkkelharper og kjøken.

LES OGSÅ: Kunst + teikneseriar = kunstteikneseriar?

Nynorsk med islandsk aksent
Han veit kva han sjølv vil, og kva han likar –som glitterlim. Utruleg nok har denne mannen i førtiåra funne ut at det er ingenting som ikkje vert betre med glitterlim.

Men korleis har det seg at denne glitterlim-elskande altmoglegkunstnaren har kome inn mellom to permar?

Lantto forklarar at fleire har oppmoda han om å sende inn noko til eit forlag. Han tok steget då ein kunstnarven, som jobba med sitt eige manuskript, ba han sende inn til sin kontakt i Samlaget.

Slik har det seg at han i tre månader i fjor arbeidde med tekst – og at dei svenske tekstane hans vart nynorske.

Kunstnaren har budd ti år i Trondheim og funne seg til rette med ei av dei norske målformene. Det er ikkje den han no gjev ut bok på.

– Når eg les høgt for sonen min er det alltid bokmål, fordi det er det det er mest av. Eg har høyrt folk seie at når eg les bokmål høyres det ut som eg er frå Harstad. Når eg les høgt på nynorsk vert det ei slags islandsk dialekt, forklarar Lantto, som likevel er godt nøgd med omsettingsarbeidet til Gunnstein Bakke.

Likevel. Svensken har skrive ut originalmanuset til opplesingar.

LES OGSÅ: Tre skriftspråk, ni forfattarar – ein roman

Skitbra omsetting
Omsettaren har halde seg nær originalspråket og det er attpåtil han som har kome med tittelen til boka, noko som tyder på at han har skjønt innhaldet, meiner forfattaren. 

Sjølv føreslo han titlar som «Du er den snilleste svenske eg kjenner»og «Zeus slår løs murstein og velter søppelbøtter»– begge titlar på tidlegare utstellingar han har laga. Det vart for langt for forlaget.

Overraskande nok har han absolutt ingen planar om noko svensk utgjeving.

– Eg har ikkje tenkt å erobre verda med denne boka, konstaterer den ferske forfattaren.

Det held med utgjevinga på Samlaget, som er ein god vits i Sverige. Slå det opp i ordboka, om du ikkje allereie veit kva det tydar på svensk, så skjønar du kvifor venene til Lantto fniser både ein og to gonger.

– Det må spøkast med, meiner Lantto, som har vent seg til namnet no.

LES OGSÅ: Kraftig oppgang for e-bøker

Kulturforskjell
Sjølv om han ikkje har store litterære ambisjonar tykkjer kunstnaren at det har vore fantastisk kult å fordjupe seg i tekst, gje ut ei bok og sjå korleis forlagsmaskineriet fungerer.

I tillegg har han sjølv fått boltre seg med det visuelle. Omslaget, skissene på innsida, fotografi i boka og oppsett av tekst på sidene, har han gjort sjølv. Ein tillit han set pris på å ha fått.

Nokre av tekstane er ti år gamle eller eldre. Andre er kome til etter at boka var ferdigredigert – som spørsmålet til forleggar David Aasen og omsettaren om me i Noreg har den myta om at dersom ein har knekkebrød i støvlane kan dette redde beina frå hissige smådyr som biter til beina knasar.

Svaret var avkreftande.

Panikk, hummar og kanari
På spørsmål om kva som inspirerer han svarar Lantto at panikk og tidsfristar er gode inspirasjonskjelder.

Sjølv tykkjer kunstnaren at det er lettare å snakka om kunst, fordi han aldri spør kvifor.

– Det er det same i utstillingane mine og i atelieret, som det er med denne boka; alt står framme. Ein tistrengs fiolin, ein gitar og ein banjo. Trebitar, som både er ferdige og ikkje. Eg kan ikkje rydde og stille ut eitt enkelt objekt.

Han er ikkje den som avgrensar seg, og i dei nedskrivne orda går mange trådar attende til hans visuelle arbeid.

– Hummar og kanari kan stå godt på same sokkel, hevdar kunstnaren, som trur boka speglar det han driv med: Å forstyrra seg sjølv.

LES OGSÅ: Fitteprat

Faktaboks

Markus Lantto (fødd 1973)

Frå Masugnsbyen i Sverige, busett i Trondheim

Kunstnar og instrumentbyggjar

Debuterer i desse dagar med «Bruken av gjedde» på Samlaget