Kinohaustkongen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var i fjor, før sin eigen 40-årsdag, Christiansen tok seg eit tre månaders avbrekk i USA. Då hadde han vore med i åtte spelefilmar på rappen og trong pause.

– Eg hadde budd så mykje på hotell at eg pleidde å dra fram bankkortet i staden for nøklane når eg kom heim, fordi eg var blitt så van til å bruke nøkkelkort, humrar Christiansen.

– Amerika-eventyret var ei slags gåve til meg sjølv. Eg ville konfrontere krisa, kjenne litt på det eg likar å kalle eit aktskifte. Ikkje minst trong eg å distansere meg frå jobbjunkiekøyret, legg han til.

Lerretsleigesoldat
Éin av konklusjonane Christiansen kom til mens han loffa mellom New York, San Francisco og Key West, var at han vil bli meir selektiv. Då kan det kanskje verke ironisk at han har fire kinofilmar på tapetet i haust. Forklaringa er at berre to er spelt inn i 2016.

– Iblant har eg følt meg som ein «hired gun» som har forsømt det kunstnariske. No vil eg søkje etter betre balanse ved å prioritere fleire prosjekt der eg får gå i djupna, erklærer Christiansen, som meiner Erik Poppes «Kongens nei» (premiere 23. september) er ein glimrande start.

Her spelar han kronprins Olav mot ringrevdansken Jesper Christensens kong Haakon. Handlingsramma er 9.– 11. april 1940, då andre verdskrigen kom til Noreg.

– Det opnar med senkinga av «Blücher» og kulminerer med bombinga av Elverum og Trysil. Vi snakkar om dei mest dramatiske døgna i vår moderne nasjons historie, med kongefamilien og regjeringa på flukt frå Oslo med tyskarane i hælane.

Militant «bestefar»
Christiansen gjekk på ungdomsskulen på Hamar då rollefiguren hans døydde i 1991.

– Til liks med dei fleste andre på min alder hugsar eg kong Olav som ein hyggeleg «bestefar» som eg hadde stor kjærleik til og respekt for. Men i researchen min fekk eg også bekrefta at han var ein fyr med temperament.

– Kva overraska deg mest?

– Eg konstaterte iallfall at han var meir enn general i tittelen. Han var ein kompetent og engasjert yrkesmilitær. Då angrepet kom, sleit han med «berre» å vere kronprins – han ville ut i felten.

– Korleis ser du på kongehuset sjølv?

– Eg synest våre kongelege er flotte representantar. Etter «22. juli», for eksempel, viste dei at dei har vesentleg verdi. For meg kokar det ned til «Alt for Noreg», Haakons valspråk som både Olav og Harald vidareførte. Sjølv om prinsippet om å bli fødd inn i rolla er problematisk, stiller dei seg til teneste for landet. Og i ei tid der veldig mange dyrkar rike kjendisar, spør eg meg om det å risikere ein «Rimi-Hagen» som president, er noko betre.

Heime best
I november dukkar Christiansen opp i familiefilmen «Snekker Andersen og Julenissen» – og den danske komedien «Undercover» – mens han gjer eksoshanecomeback i «Børning 2» i oktober. Det skal nemleg framleis vere rom for dei lettbeinte tinga.

– Variasjon er viktig. Kall dette eit friminutt – bak rattet i ein fantastisk Mustang 67-modell full av hestekrefter. Med «Kongens nei» får eg stimulert historieinteressa mi – med «Børning» handlar det om å køyre bil.

– Kom det noko jobbrelatert ut av USA-opphaldet?

– Nei – eg heiar på kollegaene som prøver seg ute, men har ingen ambisjonar om å bli med på den bølgja, forsikrar Christiansen.

– Til så lenge spelar eg heller mot dei beste skodespelarane i verda her heime, slik tilfellet var med Jesper Christensen. Heilt sidan eg såg han i Per Flys «Benken» mens eg enno gjekk på Teaterhøgskolen, har han vore heilt der oppe for meg. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om kommande norske kinofilmar

*«Løvekvinnen» (Vibeke Idsøe): 26. august
*«Cave» (Henrik Martin Dahlsbakken): 2. september
*«Magnus» (Benjamin Ree): 2. september
*«Gråtass gir gass» (Peder Næss): 9. september
*«Rosemari» (Sara Johnsen): 9. september
*«Gilberts grusomme hevn» (Hanne Larsen): 16. september
*«Kongens nei» (Erik Poppe): 23. september
*«Kvar song ei soge» (Aaslaug Vaa): september
*«Med hjertet i dansen» (Mo/Kossakovsky/Heilborn) 7. oktober
*«Børning 2» (Hallvard Bræin): 12. oktober
*«Barneraneren» (Jon Haukeland): 21. oktober
*«Supervention 2» (Sigstad/Christensen/Aarskog) 28. oktober
*«Snekker Andersen og Julenissen» (Terje Rangnes): 11. november
*«Dyrene i Hakkebakkeskogen» (Rasmus A. Sivertsen): 25. desember
*«Det norske hus» (Jan Vardøen): Ikkje bestemt