Kåra til årets nynorskkommune

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunen fekk prisen på 100 000 korner og eit bilde av kunstnaren Alf Christian Hvaring under ei tilstelling på Det norske teatret onsdag kveld.

Juryen peiker på at Fjell kommune legg stor vekt på godt språk hjå dei tilsette og at deii driv aktivt språkarbeid i barnehage og skule. Juryen har vidare lagt vekt på at kommunen er i sterk vekst og har stor tilflytting frå Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.

– Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Juryen har vurdert kandidatane grundig. Dei meiner Fjell kommune syner ei medviten haldning til nynorsk språk. Nynorsk er ei fagleg rettesnor og eit strategisk verkemiddel i kommunen. Eg håpar prisen vil styrkje nynorsk både i Fjell og i andre kommunar i Hordaland, seier Navarsete.

– Fjell har det siste året fått mykje merksemd i media etter at dei viste at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle slike skriv på nynorsk.

Juryen ynskjer også å heidre Vinje kommune i Telemark. Vinje får rosande omtale av juryen og eit bilete av Kristian Finborud.

Stolt ordførar
– I dag er eg stolt! Tenk å få stå her i Det norske teatret og ta imot prisen Årets nynorskkommune 2011! På vegner av Fjell kommune vil eg takka for denne gjeve prisen, sa Eli Årdal Berland då ho fekk prisen.

Ho synte til at Fjell er i gang med å revidera den 10 år gamle målbruksplanen.

– Sjølv om vi i dag har fått denne prisen, veit vi at mykje kan gjerast for å utvikla ein endå betre nynorsk språkbruk i heile organisasjonen vår. Vi ser for oss at dei pengane som følgjer med prisen mellom anna skal gå til spennande språkprosjekt retta mot den yngre garde.

– De skal vita at vi set umåteleg stor pris på denne utmerkinga. Og prisen går altså til ein kommune som tidlegare i år refsa dei statlege organa, ikkje minst departementa, for ikkje å ha sendt skriv til Fjell kommune på nynorsk slik mållova krev. Det var flott at dette vart teke på alvor, sa Eli Årdal Berland.

Viktig påminning
Tidlegare har Stord (2009) og Seljord (2010) blitt kåra til årets nynorskkommune. Ordførar i fjorårets vinnarkommune Seljord kom med ei helsing og eit lite tips til årets vinnar.

– Vi kopierte opp prisen og diplomet, og hang opp over heile kommunen, på skular og i barnehagar, for å minne folk om utmerkinga. Det har gjort at vi nyt veldig godt av effekten av prisen enno. Folk i kommunen er meir medvitne om at vi er ein nynorskkommune, sa varaordførar i Seljord Jon Svartdal.

Juryen gav også heiderleg omtale til Vinje kommune i Telemark, noko Fjell kommune fekk i fjor. I år blei det derimot fyrsteplass, og ordførar i Fjell Eli Årdal Berland gledde seg til å reise heim med utmerkinga.

– Prisen skal få heidersplassen i rådhuset. Den skal minne oss om at vi aldri blir heilt ferdige med å utvikle god norsk språkbruk.