Jublar over stenging av gasskraftverk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politikarane burde høyrt på oss!

Statoil skal stengja gasskraftverket på Mongstad i løpet av dei neste to åra. Selskapet seier til E24 at dei har tapt mellom 200 og 500 millionar kroner i året på gasskraftverket.

CO₂-utsleppa frå gasskraftverket er på 250.000-300.000 tonn per år – like mykje som 140.000 bilar.

Gasskraftverket på Mongstad er det andre i rekkja som blir lagt ned. I fjor stengde gasskraftverket på Kårstø.

I 2000 var gasskraft eit brennbart tema i norsk politikk. Den første Bondevik-regjeringa trekte seg då Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet pressa gjennom bygging av gasskraftverk.

At gasskraftverket på Mongstad no blir stengt, meiner Natur og Ungdom viser at miljøet vann til slutt.

– Dette viser at politikarane burde høyrt på dei som ropte varsku om miljøet og den gedigne utsleppskjelda som Mongstad er og har vore. Det er ein gledens dag for miljøet at Statoil endeleg avsluttar denne klimafiaskoen og at miljøet vann til slutt, seier Ingrid Skjoldvær (bildet), leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil laga fiskealger av Mongstad-eksos

Bellona: – Framleis viktig med fangst og lagring
Gasskraftverket er ikkje den største utsleppskjelda på Mongstad. Oljeraffineriet slepp ut over ein million tonn, og dette skal ikkje leggjast ned.

– Altså må Statoil enno investera i CO2-fangst og -lagring, seier Bellona-leiar Fredric Hauge (bildet) i ei pressemelding.

I dag brukar Testsenteret på Mongstad røykgass frå gasskraftverket til å forska på CO2-fangst. Etter 2019 går ein over til å reinsa røykgassen frå raffineriet.

Bellona meiner at staten ved Gassnova må gå «all in» og både reinsa og lagra CO2 frå oljeraffineriet:

– Raffineriet er Noregs største punktutslepp. Mongstad må gå frå å vera ein test-arena til å fanga og lagra CO2 i full skala, seier Hauge.