«Jonas» brukar cannabis dagleg. No vil han ta førarkort

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan berre gløyma å få lappen

Eit ønske om å ta førarkort er noko mange har, og for folk flest er det berre å setja i gang om ein har pengar til det. For «Jonas» er det ikkje like enkelt. Han røyker nemleg cannabis kvar dag. Sjølv omtalar han det som medisin, og han har dokumentasjon på at det er lovleg utskrive av ein lege i Nederland. Det narkotiske stoffet er også lovleg kjøpt i brukardosar på apotek i same land. Ifølgje «Jonas», som har ADHD og astma, hjelper stoffet han opp om morgonen og ned om kvelden. Han hevdar sjølv at han ikkje fungerer utan.

To heilt ulike personar
– No er eg til dømes tom for medisin, og då starta eg dagen med eit raserianfall. Det er ikkje noko eg ønskjer, men ADHD-en gjer at eg ikkje kan kontrollera det. Utan medisin mister eg all matlyst, får store problem med å konsentrera meg, vert sur og grinete mot alle rundt meg, vert frekk og ekkel og får store problem med å sova. Eg vert rett og slett ein ufordrageleg dritt. Med medisin er eg ein heilt annan, ein glad gut som har eit godt forhold til sambuar og vener, ein gut som går i jobb, trenar, har matlyst og som søv godt om nettene. Det er enorm skilnad, seier 23-åringen til Nh.

LES OGSÅ: – Aldri gjort slike beslag på Flesland

«Jonas» får ikkje utskrive ritalin av sin norske lege, etter at han på ungdomsskulen utvikla eit misbruk av den vanlege ADHD-medisinen.

– Då var eg ung og dum, og høyrte på ein eldre elev som fortalde meg at det gjekk an å knusa tablettane og sniffa dei. Det gav ein god effekt, og det enda med at eg misbrukte medisinane. Det heng igjen i journalen min enno, og eg får ikkje ritalin på resept av legen lenger. Eg går rett og slett umedisinert, og det fungerer ikkje, seier han.

75 gram cannabis
Løysinga på sine eigne problem fann han altså i Nederland. I juli i år reiste han til treskolandet for første gong, etter å ha kome i kontakt med ein lege der. Han tok med seg alt han hadde av dokumentasjon på sjukdomen sin, og fekk utskrive medisinsk cannabis på resept. Han fekk også dokumentasjon på det heile frå legen, og denne tok han med seg til flyplassen, saman med 75 gram med medisin, ein månadleg dose.

– Eg gjekk på raudt i tollen i Nederland, men dei berre sende meg vidare. Eg gjekk også på raudt i tollen i Norge, men der var det ingen tollarar. Eg fann to stykk etter at eg var ute av tollen, og prøvde å forklara dei situasjonen. Då fekk eg berre beskjed om at dei hadde viktigare ting å konsentrera seg om, hevdar 23-åringen.

LES OGSÅ: Cannabis-saka: Det finst eit smutthol

No røyker han ein type cannabis om morgonen. Denne held han gåande til langt utpå ettermiddagen. Om kvelden røyker han ein annan type. Denne gjer at han finn roa, og får sova om natta.

– Rusgrensene gjeld alle

Draumen til «Jonas» er altså å ta sertifikat. Han har sjølv kontakta politiet og forklart situasjonen sin, men fortel at han ikkje vart møtt med mykje velvilje. At det er ei gløymesak å ta førarkort medan ein røyker cannabis stadfestar også politiet overfor Nh.

– Rusgrensene i trafikken gjeld uansett om ein tar medisin eller ikkje, også for folk som tar til dømes tablettar utskrive frå lege. Det er forbode å køyra når ein er påverka, uansett kva ein er påverka av. Ein skal heller ikkje setja seg bak rattet om ein ikkje er opplagt, er trøytt eller ukonsentrert, seier distriktsleiar i Utrykkingspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes, til Nh.

LES OGSÅ:
Ung narkolangar dømt

Særleg mykje klarare enn det kan ein eigentleg ikkje seia det.

Saka var først publisert i avisa Nordhordland.