«I dag er eg stolt over vegen eg har gått»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stolt over vegen eg har gått

  • Sjukemeldte som opplever mykje skam knytt til sitt sjukefråvær, er oftare sjukemeldte året etter også.

  • Yngre personar, dei som var sjukemeldte for psykiske plagar og lidingar, personar fødde utanfor Norden, og dei med mykje tidlegare sjukefråvær kjenner mest skam.

  • Arbeidstakarar med tidlegare langtidssjukefråvær har større sannsyn for å oppleve låg sosial støtte på jobben og frå sin overordna, samanlikna med arbeidstakarar utan tidlegare långtidsfråvær.

Dette var hovudfunna til psykolog Marit Knapstad, som nyleg disputerte for ein doktorgrad om kva skam og sosial støtte betyr for sjukefråvær, ved Universitetet i Bergen.

Lange og gjentekne sjukfråvær aukar sjansen for at ein ikkje kjem tilbake i arbeid. For å førebyggje at fleire havnar utanfor, treng vi kunnskap om kva som hindrar folk i kome seg i jobb att.

LES OGSÅ: «Det er ingen som tenkjer at toastmasteren skal gjere sjølvmord»

Valde openheit
At skam kan vere tunga på vektskåla for mange, kan forfattar og musikar Stig Mass Andersen skrive under på.

Mass Andersen har kome eit stykke sidan han først vart sjukemeldt på grunn av bipolar liding. Den gongen var skamma lammande.

I år gav han ut den sjølvbiografiske romanen Bipolar Superstar, og fortalde Framtida.no om kvifor tausheit er så farleg.

Mass Andersen kjenner seg att i Knapstad sine funn.

Nær femti prosent av det som tynga meg då eg var sjuk, var skamma. Eg brukte mykje energi på å lure på kva andre syns om meg. Då eg byrja å vere open om lidinga, innsåg eg at mine tankar om kva andre trudde ikkje stemte, fortel han.

Han er ikkje overraska over at dei med psykiske lidingar skammar seg meir enn dei med fysiske lidingar.

– Eg trur det heng saman med at det er vanlegare å vere open om fysiske enn psykiske lidingar, seier han.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin – ikkje oppfølging

Arbeidsgjevar kan skape ein god arbeidsplass
Knapstad gjennomførte studiane i samarbeid med Gøteborgs Universitet og Folkehelseinstituttet. Dei kom fram til resultata ved å invitere alle som var registrert som sjukemeldte i ein region i Sverige i løpet av to månadar i 2008, til å fylle ut eit spørjeskjema.

I tillegg inviterte dei ei gruppe tilfeldig utvalde personar til å fylle ut spørjeskjema, der deltakarane svara på spørsmål om helse, arbeidstilhøve, sjukefråvær og skam. Svara frå vart kopla til register over deltakarane sitt sjukefråvær over nær ti år.

Knapstad sine studiar vart gjennomførte i samarbeid med Gøteborgs Universitet og Folkehelseinstituttet.

1 av 5 av dei sjukmeldte oppgav at dei kjende mykje skam. Unge og dei med psykiske lidingar rapporterte større grad av skam enn eldre og dei med somatiske lidingar.

I tillegg fann Knapstad at dei som hadde vore sjukemeldt fleire gongar, opplevde å få mindre støtte frå sjef og kollegaer på jobb enn dei som ikkje hadde tidlegare sjukefråvær.

Det er problematisk, mellom anna fordi dei som opplever mykje skam, oftare er sjukemeldte også året etterpå. Ifølgje Knapstad er god sosial støtte funne i mange studiar å vere viktig for å komme tilbake til arbeid og hindre sjukefråvær.

– Det syner at det er viktig å kjenne seg inkludert, seier Knapstad.

Psykologen oppmodar arbeidsgjevarar, NAV, helsepersonell og andre til å ta omsyn til det sosiale, for å hindre at nokon føler seg ekskludert.

Ho trur arbeidsgjevarar har ei viktig rolle å spele for å minske skamma.

 Ved å gjere det tydeleg at ein er velkomen og at ein trengs på arbeidsplassen, kan arbeidsgjevar skape ein plass som er god å kome tilbake til for den sjukemeldte. Skam er knytt til å kjenne seg mislukka som person, og då er det viktig å syne at ein er god nok som ein er, seier Knapstad.

LES OGSÅ: Lett å få ned sjukefråværet

Frå skam til stoltheit
Då Mass Andersen valde å vere open om si psykiske liding, opplevde han å gå frå å skamme seg til å verte stolt.

– I dag er eg stolt over den vegen eg har gått. Det er det motsette av skam. Diagnosen min har teke stor plass, og det har vore vanskeleg å halde skjult ein så stor del av meg.

Nettopp arbeidsgjevar spelte ei viktig rolle for Mass Andersen.

Forfattaren jobbar i Skandinaviska Enskilda Banken. Då han kom tilbake på jobb etter å ha vore sjukemeldt, opplevde han å få god støtte frå sin næraste leiar.

– Noko av det han gjorde riktig, var å sleppe ned garden sjølv og syne si eiga sårbarheit. Han sa til meg at han aldri hadde hjelpt nokon tilbake, men at vi skulle finne vegen saman. Det betydde mykje at han synte meg at han sjølv ikkje var sikker på nøyaktig korleis vi skulle gjere det, men at han ville lytte til meg, fortel Mass-Andersen.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin – ikkje oppfølging

Trur på eit rausare samfunn
Psykolog Knapstad sin bodskap er ikkje så ulik den Mass-Andersen fremjar med romanen sin Bipolar Superstar. Ho trur vi vil tene på å lage eit litt rausare samfunn.

– Det må vere lov å ha redusert arbeidsevne eller å gjere feil, utan å kjenne seg heilt mislukka. Det bør for eksempel vere greitt å kome tilbake på jobb sjølv om ein ikkje er heilt frisk, seier Knapstad.

LES OGSÅ: Go Campus hjelper psykisk sjuke over i høgare utdanning

Forventingar viktigare enn symptom
Knapstad får støtte av psykologkollega Camilla Løvvik, som også har teke doktorgrad om arbeid og psykisk helse. I hennar studie har 1193 menneske som oppgir at psykiske helseproblem påverkar arbeidsdeltaking, svara på spørjeskjema om mellom anna forståing av psykiske helseplagar og forventingar om jobb.

Personane som deltok hadde lettare psykiske plagar, som angst og lett til moderat depresjon. Deltakarane var i risikosone for sjukmelding, allereie sjukmeldt eller uføre. Dataen henta Løvvik frå ein studie av NAV-tiltaket «Senter for jobbmeistring». Dette tiltaket er det einaste i NAV som har dokumentert effekt på arbeidsdeltaking blant personar som slit med å vere i jobb grunna vanlege psykiske plagar.

Løvvik fann at forventingar om å vere i jobb var viktigare for arbeidsdeltaking enn symptom på psykiske helseplagar. I kva grad deltakarane trur dei kan kome tilbake, påverkar altså om dei kjem tilbake. Dette funnet liknar forskingsfunn som er gjort i andre pasientgrupper, som muskel- og skjelett.

 Å tenkje at dei psykiske plagene vil ha mange og alvorlege konsekvensar tyder meir for forventingane enn kor mykje angst eller depresjon deltakarane hadde, forklarar Løvvik.

LES OGSÅ: Uføremyta

Handlar ikkje om innstilling
Løvvik strekar under at forventingar ikkje er det same som innstilling.

– Forventingar byggjer i stor grad på erfaring, anten frå eige liv eller frå andre sine liv. Dei poppar ikkje opp frå ingenting. Opplever ein eller ser at det er vanskeleg for folk med psykiske plagar å delta i arbeidslivet, då forventar ein vanskar.

Også Løvvik meiner arbeidsplassen må strekkje seg etter å leggje til rette for «uperfekte» arbeidstakarar.

 For å gi folk positive meistringserfaringar, og dermed positive forventingar, må arbeidsplassen gjere ein innsats. Det kan vere å leggje til rette med klare arbeidsoppgåver, å ta høgde for korleis angst og depresjon påverkar både konsentrasjon og korleis ein fungerer sosialt.

Løvvik seier at det for dei aller fleste med lettare psykiske lidingar, er bra å vere i jobb.

 Det er veldig bra at styresmaktene har fokus på eit inkluderande arbeidsliv, men det er framleis altfor lite kunnskap om vanlege psykiske plagar ute i arbeidslivet og blant folk flest. Kunnskap om dette feltet bør inn i skulen og inn i arbeidslivet, seier ho.

Faktaboks

Treng du hjelp til å handtere angst og depresjon i arbeidslivet? Sjekk ut Senter for jobbmeistring.