Høgskular i distrikta har størst auke

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Størst auke i distrikta

Aldri før har så mange søkt om høgare utdanning i Noreg. Og størst auke er det utanfor dei store byane.

– Ryktet går om nøgde studentar. Eg er overtydd om at Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt fokus på studiekvalitet og dei gode tilbakemeldingane frå noverande studentar gjev oss eit fortrinn i rekrutteringsarbeidet, seier Tollak Kaldheim, leiar av Studentparlamentet ved høgskulen.

Til Framtida.no seier han at han trur fleire unge ser på Studiebarometeret og studentane sin opplevde kvalitet når dei vel studiar.

Medan institusjonar som Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU har ei svakare utvikling i søkjartal enn landssnittet, syner tal frå Samordna opptak at mange av dei mellomstore høgskulane har ei sterkare utvikling.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære studiane

Mange unge søkjarar
– Aldri har så mange 19- og 20-åringar søkt utdanning hos oss, fortel rektor Åse Løkeland i ei pressemelding frå HiSF.

– Det er flott at høgare utdanning utanfor dei største byane er attraktivt. Unge er truleg ikkje so einsidig fokusert på bylivet som ein kan få inntrykk av. Eg veit me har mange kvalitetar som lokkar ungdom til høgskulen.

Det er òg ein auke i søkjarar som kjem frå andre plassar enn Sogn og Fjordane. Tradisjonelt sett har høgskulen hatt om lag 50 prosent av søkjarane frå andre deler av landet, medan i år er meir enn 60 prosent av søkjarane frå andre fylke. Til dømes har tal søkjarar frå Hordaland auka med 42 prosent frå i fjor.

LES OGSÅ: HiSF: – Eit konkurransefortrinn å halda fram åleine

God rekruttering til lærarutdanning
I ei tid med mykje fokus på høgskulen si framtid og nye krav til den kommande femårige lærarutdanninga, er Løkeland spesielt nøgd med utviklinga når det gjeld søkjarar til lærarutdanning.

– Betre rekruttering til lærarutdanninga vår er svært viktig med tanke på framtida. Utviklinga hos oss er veldig god samanlikna med dei nasjonale trendane, og me treng ei god lærarutdanning i fylket, seier Løkeland.

Ho synest det er flott at høgare utdanning utanfor dei største byane er attraktivt.

– Fantastiske tal
I Møre og Romsdal er Høgskolen i Ålesund vinnaren.  Med nesten 15 prosent auke er Ålesund best i fylket, og auken er meir enn dobbelt så stor som landssnittet.

– Dette er fantastiske tal, seier rektor Marianne Synnes i ei pressemelding. Høgskolen har fått mykje merksemd den siste tida på grunn av godt samarbeid med arbeids- og næringslivet. Fusjonen med NTNU har truleg òg noko å seia.

Også dei nyaste universiteta, i Stavanger, Agder og Nordland opplever ein vekst på godt over 10 prosent.

Lærestad

Søknader førsteval

Endring%

2014-mai

2015-mai

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

966

972

 +0.62%

Ansgar Teologiske Høgskole

161

149

 -7.45%

Diakonhjemmet Høgskole

1292

1448

 +12.07%

Dronning Mauds Minne Høgskolen

361

387

 +7.20%

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

60

79

 +31.67%

Høgskolen Betanien

216

249

 +15.28%

Høgskolen i Buskerud og Vestfold

4156

4351

 +4.69%

Høyskolen Diakonova

170

197

 +15.88%

Haraldsplass diakonale høgskole

240

233

 -2.92%

Høgskolen i Bergen

4972

5455

 +9.71%

Høgskolen i Gjøvik

1698

1988

 +17.08%

Høgskolen i Harstad

492

602

 +22.36%

Høgskolen i Hedmark

3299

3417

 +3.58%

Høgskolen i Lillehammer

2300

2630

 +14.35%

Høgskolen i Molde

875

851

 -2.74%

Høgskolen i Narvik

559

475

 -15.03%

Høgskolen i Nesna

309

348

 +12.62%

Høgskolen i Nord-Trøndelag

1629

1826

 +12.09%

Høgskolen i Oslo og Akershus

13796

14095

 +2.17%

Høgskulen i Sogn og Fjordane

1216

1551

 +27.55%

Høgskolen i Sør-Trøndelag

5471

5834

 +6.63%

Høgskolen i Telemark

3042

3484

 +14.53%

Høgskolen i Ålesund

1146

1317

 +14.92%

Høgskolen i Østfold

2797

3008

 +7.54%

Høgskolen Stord/Haugesund

1161

1176

 +1.29%

Høgskulen i Volda

1247

1200

 -3.77%

Lovisenberg diakonale høgskole

423

534

 +26.24%

Det teologiske Menighetsfakultet

184

207

 +12.50%

Misjonshøgskolen

58

67

 +15.52%

Norges Handelshøyskole

2018

2117

 +4.91%

Norges idrettshøgskole

970

988

 +1.86%

NLA Høgskolen

638

842

 +31.97%

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

2816

2856

 +1.42%

Noroff University College

65

67

 +3.08%

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

12024

12391

 +3.05%

Politihøgskolen

2926

3421

 +16.92%

Sámi allaskuvla / Sámi University College

32

30

 -6.25%

Universitetet i Agder

5938

6664

 +12.23%

Universitetet i Bergen

8611

9024

 +4.80%

Universitetet i Nordland

2047

2425

 +18.47%

Universitetet i Oslo

17003

17764

 +4.48%

Universitetet i Stavanger

4893

5659

 +15.66%

UiT Norges arktiske universitet

5637

5551

 -1.53%

Totalt

119914

127929

 +6.68%