Heller lågkarbo enn nynorsk

Kvifor blir det ikkje stilt ut fleire nynorske bøker i bokhandlane i nynorske kommunar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gøymer nynorske bøker i vest

Framtida.no har sjekka bokhandlarar kring i Noreg i november for å sjå kor lett det er å finna nynorske bøker i bokhandlane til jul.

ARK på Leirvik, Stord: I havet av bokmålsbøker finn me fire lokale bøker på nynorsk som er stilt ut, i tillegg er det eitt bord med kring 30 nynorske bøker i samband med den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu tidlegare i månaden. Det er seks andre bord med bokmålsbøker.

På den store veggen med bestseljarbøkene finn me Bibelen. To av dei på bokmål, og éi på nynorsk.

Notabene, Leirvik, Stord: I vindauga finn me to lokale bøker på høvesvis dialekt og nynorsk, saman med kring 20 bokmålsbøker. Det er nynorske bøker fleire stader i butikken, men berre ein svært liten del av dei som er stilt ut.

– Me har ikkje plass til å skilja mellom bøker på nynorsk og bokmål, seier dagleg leiar Tone Baka, på spørsmål om dei er medvitne på at dei driv bokhandel i verdas største nynorskby. Ho fortel at dei nettopp har skifta utstillinga deira, og no er det berre lokale bøker som er stilt ut. Fleire av desse er på nynorsk.

Ølen Bok og Papir, Vindafjord: Maria Parr-boka Vaffelhjarte og lydboka Rampete Robin ligg ved inngangen, i eit lite torg der bøkene vert ekstra synlege. I ei bokhylle sentralt i butikken står Sylfest Lomheim sin Tale er gull og Edmund Austigard sin Solskinnsbussen, saman med bøker av Grethe Lerum og Ragnar Hovland Stille natt. Ragnar Hovland og Jon Hjørnevik står fleire plassar i butikken. Bøkene for born er skilde etter målform. Her var ei lang hylle som berre inneheld barnebøker. Dei to nedste hyllemetrane er godt merka med ein gul plakat på toppen: NYNORSK.

– Ikkje så medviten
Fagbok, Høgskulen i Volda: Utstillinga er prega av pensumrelaterte bøker. På podiet vi først møter inne i lokalet har berre ei av dei 23 bøkene nynorsk som målform.

– Vi er nok ikkje så bevisste på om bøkene vi set fram er på nynorsk eller bokmål. Utstillingane er prega av kva som sel og kva som er listetopp, fortel butikkmedarbeidar Bente Strømmen og viser til bøker om blant anna lågkarbo.

Likevel har butikken eit markert område med barnebøker på nynorsk.

– Enkelte som bur her og jobbar ved skulen spør spesifikt etter bøker på nynorsk. Og så er det i tillegg emne her på skulen, fortel Strømmen.

Maria Parr side om side med Jo Nesbø
Notabene, Volda sentrum: Ein må leite noko for å finne dei nynorske bøkene her. Men butikksjef Inger-Annette Bjørneset seier seg samd i at dei er viktige å fronte, midt i Ivar Aasen sitt rike. Vi får fordelt ein del frå kjeda, men står fritt til å gjere lokale tilpassingar. Ein stor del av omsetninga her består av lokale forfattarar, og elles kan vi bestille inn det folk kjem med ynskje om, fortel ho.

Barnebokforfattaren Maria Parr frå Vanylven, knapt ein time frå Volda, har seld svært godt i butikken dei siste åra.

– Bøkene hennar har vore likestilt med bestseljarane til Jo Nesbø, fortel Bjørneset.

– Men det er ikkje berre å ta inn ubegrensa nynorsk litteratur om det ikkje sel.

Ikkje oppteken av målform
Johannes Vartdal (25) og Andreas Haugen (21) studerer begge i Volda. Vartdal har nynorsk som hovudmål, medan Haugen skriv bokmål, uansett er ingen av dei oppteken av kva form bøkene dei les har.

– Det vert sjeldan lesing utanom skulebøkene, og dei er som regel på bokmål, fortel Vartdal. Han trur tilgang på bøker kan vere noko av det avgjerande for kva målform folk vel.

Den 25-år gamle sosionomstudenten jobba fire år i hovudstaden før han kom til Volda, der la han ofte over til bokmål.

– Dei fleste skreiv på bokmål, i rapportar og liknande, så eg la sjølv om av praktiske årsaker. Eg trur det er slik for mange, fortel Vartdal. Også under studiet innrømmer han at det ofte vert skrive på bokmål, til dømes i gruppearbeid.

– Til og med førelesarar frå området her, skriv om sine powerpointar til bokmål. Det er nok for å forsikre seg om at alle forstår, legg han til.

Korleis er det i bokhandelen din? Kva vil du helst lesa? Lågkarbo-bøker på bokmål eller romanar på nynorsk? Fortel i kommentarfeltet!

Faktaboks

– Ifølgje Språkfakta 2010 av Ottar Grepstad, er det i underkant av seks prosent av alle bøker i Noreg som kjem ut på nynorsk.
– I 2008 kom det ut 456 bøker på nynorsk, medan 6293 bøker kom på bokmål.
– Det er fleire bøker som blir gjevne ut på engelsk her i landet, enn på nynorsk. 969 bøker blei gjeve ut på engelsk i Noreg i 2008, noko som tilsvarar vel 10 prosent av alle bøkene i landet.