Heidra veslebror

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har ikkje gått opp for meg enno at han er borte. Det er som om han er på ferie og eg ventar på at han skal komma heim igjen. Eg forstår det ikkje når eg står ved grava hans heller, det er berre eit namn på ein stein, fortel Rudi André Dahle.

Han snakkar om bror sin, Peter, som døydde av hjernekreft fredag ettermiddag 20. mars, 19 år gammal.

– Ja, det er heilt uverkeleg. Det har ikkje sunke inn, legg søstera Mariell Dahle til. Dei sit i sofaen i huset til mora på Valen, der også Peter budde. Nærværet hans er der. Fleire stader i huset heng det bilde av han, der han smiler mot oss. Ikkje langt unna ligg grava hans på kyrkjegarden, dei kan nesten sjå den frå huset. Kvardagen utan Peter er merkeleg.

– Det er mykje rundt oss som minner oss om han, heile tida. Berre å sjå russen gjer at eg tenkjer på Peter, til dømes. Det blir veldig tomt utan han, det var han som laga til filmkveldar og spelekveldar. Han ville vi skulle samlast. Det blir ikkje det same no, det er ein som manglar, forklarer Mariell.

– Smilet hans er nok det vi kjem til å hugsa best, seier Rudi André.

Dei har ein stor familie. Mor og far deira er skilte og har funne seg nye partnerar, men framleis feirar heile gjengen jul saman og er mykje ilag.

Ho beskriv broren Peter som utruleg snill og omsorgsfull:

– Han tenkte alltid på alle andre rundt seg. Til og med då han var sjuk ville han ikkje at vi skulle vera triste og leie oss.

– Han var også veldig høfleg. Det blei tydeleg på slutten, då han låg på Haukeland sjukehus. Fekk han til dømes ei sprøyte av ein sjukepleiar var han veldig oppteken av å seia tusen takk, fortel storebror Rudi André.

Han seier broren hadde mykje humor, og at dei tulla mykje saman, også om at han var sjuk.

– Det var godt for oss å kunna ha litt galgenhumor oppi det heile. Det gjorde det lettare å tenkja på.

Døden ikkje eit tema
Det var då Peter begynte å få mykje hovudverk og problem med synet at mora skjøna at noko var gale. I januar i fjor fekk familien beskjed om at legane hadde funne noko på MR-bilda, og ein månad etterpå fekk dei vita diagnosen.

– Legane sa heile tida at prognosane for denne diagnosen var svært dårlege, og at Peter mest sannsynleg kom til å døy. Men vi var nøydde til å halde på håpet og ikkje miste trua på at dette skulle gå bra, seier Rudi André.

– Men det er oftast eldre menneske som får denne typen hjernekreft, og sjølv om vi visste det var ein uhelbredeleg krefttype tenkte vi at Peter som var så ung kunne halda ut og leva med det, til dei fann medisin, legg Mariell til.

Sjølv om det ikkje kom til å gjera han frisk fekk Peter stråling og cellegift, fordi det kunne stagnera kreften og hindra at den spreidde seg.

– Han hadde ikkje så mykje smerte, men han blei sliten og trøytt av behandlinga.

– Det var aldri eit tema at Peter skulle forlata oss. Han skulle berre ha dette året vekke frå skule og konsentrera seg om å bli frisk, før han skulle tilbake til studiane. Han ville bli politi. Då han fekk dårlegare syn bekymra det han, fordi han visste det kunne spolera dei planane, fortel Rudi André.

Bestekompisar
Sjølv om det er nokre år mellom dei tre søskena hadde dei eit nært forhold.

– Spesielt etter at vi blei vaksne, då merka eg at vi blei meir samansveisa, seier Mariell, og ser på broren, som nikkar.

– Eg flytta til Oslo i 2005, og Peter har besøkt meg mykje der. Omtrent kvar haust- og vinterferie, og fleire veker om sommaren reiste han til meg. Han er den beste kompisen eg har hatt. Eg kvir meg til feriane utan han, seier Rudi André.

I tida Peter var sjuk gjorde søskena det dei kunne for å muntra han opp og vera rundt han, og tok han med på det dei kunne. Rudi André flytta heim til Valen med kjærasten i oktober, for å kunna vera nærmare Peter. Mariell var i svangerskapspermisjon og var derfor ikkje på jobb:

– Det er eg veldig glad for no. Eg trur ikkje eg hadde klart å jobba medan Peter var sjuk.

Mora Tone sjukemeldte seg då Peter blei sjuk, og har hjelpt han heile vegen.

– Vi ville gjera alt for han, men kva kunne vi gjera? Vi visste han ikkje kunne bli frisk, seier Mariell.

For å glede veslebroren fekk Rudi André tak i autografar signerte plater frå favorittbandet til Peter, «Imagine Dragons», som dei også fekk sett live saman på Hovefestivalen i sommar. Då Peter mista håret av behandlinga han fekk klypte Rudi André også av seg alt håret for å halda broren med selskap. Favoritt-tv-serien til Peter var «The Big Bang Theory». Etter iherdig innsats frå Rudi André i lang tid fekk Peter ein pakke frå USA i posten i oktober, med skodespelarane sine autografar, DVD-ar med sesongane og anna stæsj.

– Det var noko han verkeleg blei glad for, han var heilt skjelven då han opna pakken, fortel Mariell.

Peter var så fan av serien at han bestemte seg for å få eit portrett av ein av karakterane tatovert på kroppen, nemleg Sheldon Cooper, spelt av Jim Parsons. Det var også slik han møtte kjærasten han hadde fram til han døydde, Madelen Hansen Tungesvik. Ho kommenterte bildet han la ut av tatoveringa, og slik kom dei i snakk og fann ut at dei hadde mykje til felles. I desember blei dei kjærastar. Peter nytta også tida medan han var sjuk godt, og var fire turar til syden på eit år.

Ei unik helsing
Men etter nyttår i år gjekk det fort, og Peter blei mykje dårlegare. Han var trøyttare, ustø, hadde lite energi og sleit med hukommelsen. I februar var han på Lanzarote då han fekk eit epileptisk anfall. I fem dagar låg han på sjukehus der nede, før han var sterk nok til å sendast til Haukeland. Etter to veker der fekk han endeleg koma heim til Valen. Det vart berre fire dagar heime før han fekk eit nytt epilepsianfall og vart sendt til Haukeland igjen.

– Eg skreiv ny e-post til dama i produksjonsteamet til «The Big Bang Theory» og fortalde om lange dagar på sjukehuset. Eg spurde om dei kunne fått skodespelarane til å laga ei helsing til Peter, fortel Rudi André.

Og det gjorde skodespelar Jim Parsons, eller «Sheldon». Han spelte inn ein videosnutt med ei heilt unik helsing til Peter. Han skrytte av tatoveringa som han syntest var heilt fantastisk, og takka for at Peter var fan av serien.

– Det er slike som deg som gjer at eg får ha ein slik fantastisk jobb, seier han på filmen.

Men Peter fekk dessverre aldri sjå filmsnutten. Den kom fram for seint, ein dag etter at Peter var død.

– Eg syntest det var veldig fælt at Peter ikkje rakk å få sjå det. Eg er sikker på han hadde blitt utruleg glad, seier Mariell.

– Likevel er det ein hyllest til Peter, og utruleg flott gjort av Jim Parsons. Det betyr mykje for oss at han tok seg tid, eg trur ikkje kven som helst ville gjort det, legg Rudi André til.

Den siste veka Peter levde hamna han i koma. Då budde familien med han på sjukehuset, opp mot 12 personar, vaksne og ungar.

– Dei tilsette på Haukeland var fantastiske med oss.

Fredag ettermiddag døydde Peter. Då gravferdsbilen med kista hans i kom til Årsnes ferjekai stod medrussen hans og venta på han. 20 bilar køyrte i kortesje heilt til Valen. Dette synest familien var veldig rørande og det gjorde eit sterkt inntrykk på dei. På grunn av Peter gjorde russen i Kvinnherad også ein formidabel innsats med å samla inn pengar til Kreftforeininga under årets aksjon, dei hamna på topp ti over dei som samla inn mest i heile landet. I gravferda til Peter var det veldig mykje folk, og det var tydeleg at det er mange som kjem til å sakna Peter djupt. I gravferda spelte dei Ed Sheeran-låten «I see fire».

– Peter hadde sagt til Madelen at han likte den. Songen kom på den tida han blei sjuk, og minte oss om han. Både melodien og teksten passa liksom så godt, derfor spelte vi den i gravferda hans. No tenkjer eg på han kvar gong eg høyrer den songen, seier Mariell.

Blir aldri gløymt

Peter ønskte seg enda ei tatovering, og bestilte ny time hos den same tatovøren i Oslo som laga Sheldon-portrettet, ein islandsk tatovør som kallar seg Gunnar V. Men timen var 15. april, og Peter døydde tre veker før.

– Då Gunnar V kontakta meg fortalde eg at Peter var borte. Det gjorde veldig inntrykk på han. Vi blei samde om at eg kunne ta timen i staden, for eg ønskte å hylla Peter med eit portrett av han på kroppen. Så viste det seg at også mamma og Mariell ønskte seg tatoveringar, og Gunnar fekk omrokkert på timeplanen slik at han kunne tatovera oss alle tre over to dagar, fortel Rudi André.

Både han og Mariell hadde tatoveringar frå før, men det blei mor deira Tone sin første. Ho har fått tatovert linjene «Those we love don’t go away, they walk beside us every day» med Peter sin signatur under. Mariell har tatovert bildet Peter brukte som takkekort etter konfirmasjonen sin i svart kvitt. Rudi André har eit fargeportrett laga etter eit bilde teke i jula 2013. Under står det «Ka får eg for å eta denna?». Peter var nemleg glad i litt sprø utfordringar, og likte å finna på «pranks» eller hyss mot vener og familie.

– Eg kjem til å sakna påfunna hans og dei tørre vitsane, seier Rudi André. Dei er svært nøgde med dei vakre tatoveringane sine.

– Ja, vi er heilt overvelda over kor bra det blei, det er som å sjå Peter. Gunnar V er ekstremt dyktig, portrett er noko av det vanskelegaste å tatovera.

Kjærasten til Peter, Madelen, tatoverte seg same dagen, men i Bergen hos Let’s Buzz. Hennar tatovering er Peter sine hjarteslag, frekvensar slik dei ser ut på ein såkalla elektrokardiogram (ECG).

– Det er godt å ha han med oss, heile tida. Peter er ikkje vekke, han er her med oss, seier Mariell og ser bort på bordet ved sida av, der bildet av Peter står utstilt saman med tente lys.

Les saka i Kvinnheringen!