– Handlar berre om å samla inn pengar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke lanserte Plan International Norge julekampanjen «Heia jentene!». I tre timeslange episodar på TV3 får me følgje kjendisane Ina Wroldsen, Camilla Pihl og Hallvard Holmen sitt møte med folk og fattigdom i Rwanda.

– Bistandsorganisasjonane har ansvar for å informere
Leiaren i SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), Inga Marie Nymo Riseth, er skuffa over at ikkje Plan International Norge har nytta tv-tida til å skapa eit nyansert bilete av årsakane til fattigdommen og den utbreidde kvinnediskrimineringa i landet.

– Det blir veldig tydeleg at tv-serien berre handlar om å samla inn pengar, seier Riseth på telefon til Framtida etter å ha sett første episode.

Ho meiner det er viktig at nordmenn forstår konteksten rundt kvifor folk i Rwanda er fattige og kvifor mange kvinner er utelatne frå å delta.

– Sanninga er kompleks. Bistandsorganisasjonane har ansvar for ikkje berre å samla inn pengar, men og å informere, seier SAIH-leiaren.

Barns beste
Generalsekretær i Plan International Norge , Kjell Erik Øie, forklarar i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga at Plan alltid har som mål å samla inn midlar til prosjekt for barns beste på ein mest mogleg effektiv måte.

Med TV3-programma håpar me merksemda rundt jenter sin situasjon vil bidra til å rekruttera fleire fadrar som støttar vårt arbeid slik at fleire barn får ei betre framtid. Og kanskje er «Heia jentene!» med på å byggja ned stereotypiane om barn og unge i utviklingsland – nettopp fordi programmet viser at ungdom sjølv er den største krafta til endring, skriv Øie.

HEIA JENTENE 1 Desember klokken 20.30 på Tv3 from Mimi on Vimeo.

Ikkje «frivilligheitsturistar»
SAIH-leiaren meiner det er unikt å kome til med eit slikt bodskap i beste sendetid og skulle gjerne sett at Plan nytta høvet til meir opplysning om landet og arbeidet dei gjer.

– Kjendisane kan bidra til ekstra merksemd og nå ut til andre befolkningsgrupper. Faren er at det vert eit heltefokus, ei veldig «ovanfrå og ned»-haldning og at ein avpolitiserer ting, seier Riseth.

Generalsekretæren i Plan International Norge understrekar at kjendisane ikkje er med som «frivilligheitsturistar», men for å læra meir om kva som fører til kjønnsdiskriminering, samt hjelpa Plan å løfta fram ein viktig bodskap.

– Ved å bruka kjendisar og visa det på TV kan me nå ut til fadrar som ønskjer å støtta oss og slik gje oss høve til å gjere endå meir for borna. Møta mellom deltakarane frå Noreg og born og ungdommar som me møtte, viste nettopp at verda ikkje er svart kvitt, og at det bur ressursar i alle sjølv om omstendene er slik at nokon veks opp i svært fattige kår.


TV3 og Plan International Norge har delt på kostnadane rundt produksjonen av «Heia jentene!» der Ina Wroldsen, Hallvard Holmen og Camilla Pihlreiser til Rwanda. Foto: TV3/Magnus Berggren

– Viktig å balansera behov og håp
Riseth skulle ynskje at sjåarane i tillegg til å få vete areal, folketal og kor stor del av befolkninga som er barn, fekk vete at Rwanda er det landet i verda som har flest kvinner i parlamentet – heile 64 prosent. Men trass i at kvinnerettar er tydeleg nedfelt i grunnlova, er kjønnsdiskriminering eit stort problem.

I første episode møter kjendisane to glade og to triste historier. Ei kvinne har opna sin eigen frisørsalong og fleire unge gutar gjer viktig likestillingsarbeid gjennom prosjektet «Boys4change», som Riseth rosar.

Likevel reagerer Riseth på ei generell svartmåling av det afrikanske landet.

– Når me får historia om folkemordet og faren som drap mange i hans svigerfamilie, er det utan noko meir om folkemordet, korleis folk vart hjernevaska og soningprosessen dei siste 20 åra. Folkemordet var forferdeleg, og utan å forklare det kan ein få inntrykk av at befolkninga berre er forferdeleg.

Generalsekretær i Plan International Norge er ueinig i kritikken:

– For oss har det vore viktig å balansera behov og håp, difor er det også fleire møte i serien med barn som sjølv engasjerer seg i å sikra alle barn ei betre framtid.

LES OGSÅ: Verdens Beste Nyheter vil endra det dystre verdsbiletet

Avleggs fadderordning
Ifølgje Plan International Norge har 136.000 born i 51 ulike land ein Plan-fadder i Noreg.

Målet med «Heia jentene!» er at fleire skal få eit fadderbarn, som dei støttar med ein fast sum i månaden. Dette er ei bistandsordning, som SAIH-leiaren meiner er avleggs.

– Fadderordninga skapar ein kunstig link og forsterkar biletet av givaren som helt og eit lite barn som passiv mottakar. Det gir eit falskt bilete av vegen ut av fattigdom og kven som er løysninga, seier SAIH-leiar Inga Marie Nymo Riseth.

Riseth ynskjer ikkje å kritisere folk som gir pengar, men meiner at bistandsorganisasjonane må ta grep om korleis dei kommuniserer bodskapen.

Plan International Norge svarar på kritikken med noko som verkar som ei oppmoding om å bli fadder:

– Ved å bli fadder støttar du Plans arbeid som vert drive av lokalt tilsette i dei 51 landa der me jobbar. Plan jobbar internasjonalt, nasjonalt og lokalt for å sikre jenter sine rettar. Det inneber å jobba med politisk påverknad på nasjonalt og internasjonalt nivå med utgangspunkt i FNs barnekonvensjon, i tillegg til å jobba med myndigheitene for å styrka gjennomføringa av eit lovverk som sikrar jenter det vernet og rettane dei har krav på. Lokalt samarbeider me med leiarar, familiar og ungdom for å endra haldningar som diskriminerer jenter. Ved å bli Planfadder støttar du dette arbeidet, denne informasjonen vert ofte gjenteke til våre fadrar, svarar Øie på e-post.


Reisa til Rwanda med Plan International Norge gjorde sterkt inntrykk på skodespelar Hallvard Holmen Plan International Norge. Foto: TV3/Magnus Berggren

LES OGSÅ:  Afrikas «returnees» skapar ei ny folkegruppe