Gutar mindre interessert i språkaktivitetar

Barnehagegutar er mindre interessert i høgtlesing enn jentene. Det uroar forskarane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkforskjellar startar i barnehagen

– Når gutane deltek mindre i språkaktivitetar, er det fare for at dei går glipp av viktig språkstimulering som fremmar språklege ferdigheiter som er sentrale når dei skal byrje å læra og lesa. Det kan òg føra til at dei ikkje får dei same, positive erfaringane med lesing som jentene, seier Elisabeth Brekke Stangeland ved Universitetet i Stavanger, til Utdanning.no.

LES OGSÅ: – Far må lesa for borna

Forskarar ved Lesesenteret i Stavanger har studert språkaktivitetane til 1005 barnehagebarn i alderen 2 til 3 år.

Funna tyder på at språkaktivitetane i barnehagen fengjer jentene i større grad enn gutane, sjølv om personalet jobbar aktivt for å inkludere alle.

– Me ser at gutane skårar litt lågare på deltaking i sangleiker, dei blar sjeldnare i biletbøker og er mindre interessert i språkaktivitetar generelt, seier Brekke Stangeland.

Dette fører til at gutane rett og slett får dårlegare språkleg bevisstheit, som gjerne kjem gjennom leik med ord og bokstavar.

Dårleg språkleg bevisstheit kan igjen føra til at gutane stiller dårlegare budd til leseopplæringa i skulen enn jentene, men forskarane har ikkje sett på om det er noko direkte samanheng mellom språkaktivitetar i barnehagen og leseferdigheiter på skulen.

LES OGSÅ: Frå barnehagen til biblioteket