Gir eitt måltid til Vietnam for kvar wok dei sel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet er å bli ei kjede

– Det ser ikkje slik ut, men det er sjukt mykje jobb. Folk må lærast opp og alt må standardiserast. Ein wok kan ikkje smaka heilt forskjellig frå ein annan wok, forklarar Nam Mai (26).

På Sankthanshaugen i Oslo har han saman med aksjemeklaren André Evju (28) og byggingeniøren Mads Evju (27), starta restauranten Tunco.

Frå dress til kokkelue
– Eg har alltid drøymt om å starta for meg sjølv. Å gjere noko anna. Eg jobba i Accenture og gjekk i dress, men eg følte aldri det var noko meining i det eg gjorde, seier Nam, og legg til:

– Så såg me dette holet, at folk vil ha sunn mat som ikkje kostar for mykje. Når ein ser på marknaden, så er dette ei gyllen moglegheit.

Saman med tre andre investorar har kameratane investert fleire millionar i prosjektet.  

Dei har brukt eitt år på å undersøkja marknaden og utvikla ein detaljert forretningsplan. Deretter har dei pussa opp lokala for eigen maskin.

Nam peiker rundt seg på putekledde trebenkar og ein boks med glasvegg, der ein kan sjå to av dei tilsette som lagar mat.

LES OGSÅ: – Eg har jo ikkje noko formell utdanning, bortsett frå vidaregåande. Men eg trur kundane er meir opptekne av produktet vi leverer enn kor mange bachelorgrader vi har, seier Simon Dagfinrud (20) som starta eiga bedrift på vidaregåande

El Tunco
Frøet til forretningsideen vart planta då Nam og Mads reiste rundt i Sør-America i 2013. I surfeparadiset El Tunco i El Salvador traff dei ei amerikansk dame som hadde starta opp si eiga enkle wokservering i ei stråhytte. Konseptet drog lange køar og var ein kjempesuksess.  

Først då dei var heime i Noreg igjen og hadde byrja på ei masteroppgåve saman dukka ideen opp.

–  Me hadde ikkje så mykje tid og ville ikkje laga så mykje mat sjølv. Det vart pizza og mykje junk-mat, berre fordi det var det me hadde råd til.

«Kvifor er det ingen som tilbyr sunn fast food?» spurde kameratane seg.

Slik gjekk det til at Nam og dei to Evju-brørne gav seg i kast med eigen restaurant.

Matprøven
– Ingen av oss hadde materfaring, men eg er veldig glad i mat. Når eg reiser til eitt land så et eg meg gjennom landet. Menyen har eg laga sjølv, og alle sausane lagar me frå scratch.

Det var mykje testing og prøving før dei kom fram til smakar som Red Curry Wipeout, Tropical Fresh, Kickin’ oyster og ei overrasking med blåmuggost.

Tanken er å ikkje la seg avgrense til berre asiatiske smakar, sjølv om det er wok.

På sikt håpar dei òg å kunne tilby kortreist og økologisk mat, dersom kunden ynskjer det.

– Kva bety eigentleg Tunco?

– Eg har høyrt litt forskjellig, men då eg googla det før me valde namn så stod det at det betyr gris, forklarar Nam.

I tillegg kan ordet ifølgje nettbaserte spanske ordbøker bety lemlestakrøpling eller ein-arma, noko som unekteleg passar litt dårlegare som restaurantnamn.

LES OGSÅ: – Eg føler jo at me er litt våghalsar. Eg har satsa både hus og heim, seier Eirik Strøm Lillebø, som starta Vaaghas saman med Brimi og Hjeltnes

#mealformeal
På takeaway-boksen til mellom 119 og 149 kroner står det; «You just gave away a meal to someone in need».

For kvar selde wok gir gründarane eitt måltid i Vietnam, landet Nam flytta frå då han var fire år.  

#mealformeal kallar dei det, ein type velgjerd som Nam meiner er handfast og lett for kundane å forstå.

Gutane er inspirert av Toms-gründer Blake Mycoskie, som sidan 2006 har gitt bort over 60 millionar sko. I boka Start something that matters, fortel han om si reise og business-modellen som vert kalla «one for one».

– Me bestemte oss for at om me skal starta opp dette her, vil me gjera det meiningsfylt for oss alle. Me vil jobba for eitt mål som ikkje berre er drive av pengar. Det å vere svolten er noko nordmenn opplever, du får jo mat og kan gå ut og ete burger eller ete italiensk pizza. Men det er mange barn som aldri får moglegheita til det.

Slik gjekk det til at Tunco no samarbeider med ein av SOS barnebyar kring ein time frå Ho Chi Minh. der kvart måltid kostar dei kring 5-6 kroner, ifølgje eit anslag gjort av dei sjølv.

LES OGSÅ: – Eg er 30 år og i ferd med å bli ein ekte vietnamesar, IGJEN, seier Nam Phuong Nguyen i bandet Fjorden Baby!

Kjede-ambisjon
Berre eitt par månader etter opninga av sin første restaurant er kameratane allereie i gang med å utvide. Målet er å opne ein ny Tunco-restaurant med eitt eige konsept ein annan stad i byen innan året er omme.

Dette håper gründerane er neste steget på veg mot å bli ein kjede. Og Nam er ikkje framand for tanken å ein dag starta ein restaurant på heimplassen Stord.

– Det å starta for seg sjølv er mykje gøy og ganske hardt, i alle fall når du kjem frå ein bransje som er heilt annleis. Det er mykje å læra, avsluttar Nam.