Frå #OscarSoWhite til #OscarSoMale

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt denne tida i fjor tok emneknaggen #OscarSoWhite av på Twitter. Dei 89-ande Oscar-nominasjonane er meir fargerike, men kvar er kvinnene? 

Nominasjonsjuryen ser ut til å ha teke til seg kritikken frå i fjor, og for fyrste gong i historia er tre svarte kvinner nominert i same kategori: Naomie Harris (Moonlight), Octavia Spencer (Hidden Figures) og Viola Davies (Fences) i kategorien for beste kvinnelege birolle. Sistnemnde vart med denne nominasjonen den første svarte kvinnelege skodespelaren som har fått tre Oscar-nominasjonar.

I kategorien beste skodespelar er Denzel Washington nominert for rolla Troy Maxon i Fences og Ruth Negga kan vinne beste kvinnelege skodespelar for si tolking av Mildred i Loving

I tillegg er Mahershala Ali nominert for beste birolle i dramaet Moonlight, som er ein av favorittane med i alt åtte nominasjonar. 

LES OGSÅ: Hollywood får mangfaldskritikk – igjen 


Denzel Washington har allereie to Oscar-statuettar og kan i år få sin tredje for filmen Fences, som han sjølv har regissert. Viola Davies er nominert til Oscar for tredje gong, men har framleis ikkje vunne. Foto: Paramount Pictures

Unge lovande Chazelle
I år peikar fleire på at #OscarSoMale. I dei gjeve kategoriane beste regissør, beste film, beste dokumentarfilm, beste animasjonsfilm og beste manus – originalt eller adaptert, er berre 17 av 72 nominerte kvinner. Det tilsvarar 23,6 prosent.

Dei fleste av kvinnene finn me blant produsentane og dokumentarfilmskaparane.

Alle dei nominerte i kategorien beste regissør er menn. Det betyr at Katheryn Bigelow framleis er den einaste kvinna som har vunne Oscar for beste regissør. Ho vann i 2010 med filmen The Hurt Locker.

Dei fleste nominerte er «kvite menn som pusher 50». Unntaket er La La Land-regissør Damien Chazelle, ein kvit mann på knapt 32 som kan bli den yngste Oscar-vinnande regissøren gjennom tidene. Med i alt 14 nominasjonar er filmen allereie på topp over Oscar-nominasjonar, saman med All About Eve (1950) og Titanic (1997). 

Sist, men ikkje minst, kan Moonlight-regissør Barry Jenkins i år bli tidenes første afro-amerikanske vinnar i kategorien. 

Kvinner underrepresentert på film
I 2014 kom FN med ein rapport som konkluderer med at den internasjonale filmbransjen diskriminerer kvinner. Kvinnelege regissørar er framleis ganske sjeldan, men i år er tyske Maren Ade nominert for Toni Erdman, som ho har både skrive og regissert, i kategorien beste utanlandske film.

Kvinner har sjeldnare hovudroller, får mindre taletid og vert oftare framstilt som seksualiserte enn menn. Funna frå 2014 peikar òg på at filmar med kvinneleg regissør eller manusforfattar hadde fleire jenter og kvinner i rollene.

Manusarbeidet har òg tradisjonelt vore mannsdominert i Hollywood. Sofia Coppola er einaste kvinne som har vunne prisen på 2000-talet då ho vann for Lost in Translation (2003). Når det gjeld beste adapterte manus var Fran Walsh blant vinnarane med The Lord of The Rings: Return of the King (2003) og Diana Ossana var ein av to forfattarar på Brokeback Mountain (2005).

Alle dei seks nominerte for beste originalmanus er i år menn, men i kategorien for beste adapterte manus er Allison Schroeder nominert som ein av to forfattarar av Hidden Figures.

Filmen er basert på ei sann historie om tre afro-amerikanske kvinner som bidrog med matematisk innsikt som gav NASA den fyrste vellukka romekspedisjonen.