For dårleg nynorskopplæring for lærarar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom ein skal bestå emnet NOR1100 Norsk grammatikk på universitetet, skal ein meistre både bokmål og nynorsk i tråd med gjeldande rettskrivingsnormer. Dersom ein skal bli norsklektor må ein bestå Norsk grammatikk. At ein som norsklektor skal meistre både nynorsk og bokmål, er ein sjølvfølgje, men diverre langt i frå ein realitet.

For blant studentane på studiet herskar det ikkje berre svært negative haldningar til nynorsk, men også ein mangelfull kunnskap om språket og den demokratiske funksjonen til språket. Universitetet forventar at kunnskapen, som ikkje er der, skal vere der før studentane tar fatt på lektorstudiumet. Den fine, men naive tanken, er at studentane skal ha lært dette på vidaregåande. Dette fører til at lektorstudentane ikkje blir undervist i nynorsk, som igjen fører til at studentane ikkje blir gode nok i språket, og kjem ut etter fem år ved UiO utan å vere tilstrekkeleg kvalifiserte til å kunne undervise i faget.

Konsekvensen av dette er ikkje berre at dei nyutdanna lærarane som står rundt om i klasseromma, står skamfullt og underviser med låg kvalitet og integritet, men det er også med på å spreie dårlege haldningar som forplantar seg nedover i skulesystemet. Slik byrjar det stadig nye lektorstudentar som har eit dårleg forhold til nynorsk, og som er motvillige til både å lære seg sjølv og andre språket.

Det trengst ei openberr overhaling av nynorskundervisninga på lektorprogrammet, eller for å seie det slik: det trengst i det heile ei undervisning. Dette er for å auke kvaliteten på norsklektorane, og for å hindre at dårlege haldningar får vekse og gro i skulen.

Lesarbrevet var først publisert i Universitas.