Folkefleirtal for faremerking av vin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil merke vin med fare

Det kjem fram i ei undersøking som Opinion har gjennomført for rusfeltets samarbeidsorgan Actis, skriv Vårt Land.

– Norske forbrukarar er vane til å finne innhaldsinformasjon på varer. Dette forbrukarmedvetet forklarar nok den høge oppslutninga om både innhaldsmerking og synleggjer faren for gravide og sjåførar, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Actis.

LES OGSÅ: Punkterer myten om at vin er godt for helsa

Senterpartiet har fremma forslag om å innføre innhaldsmerking av alkoholhaldige drikkevarer innan utgangen av året. Stortinget skal ta stilling til saka før påske. Tysdag er det høyring i Helsekomiteen på Stortinget, der både Actis og drikkevareindustrien møter stortingspolitikarane.

– Skal vi ha ein prosess som leier fram til merking om innhald og kaloriinnhald, er det tenleg at vi greier ut merking med helseinformasjon samtidig, seier Gerhardsen.

Sp-talskvinne Kjersti Toppe er overraska over at så mange som åtte av ti seier ja til innhaldsmerking og er opne for flaskeåtvaringar til gravide og sjåførar, sjølv om dei ikkje har foreslått det no.

LES OGSÅ: Reagerer på nynorsk vin

– Forslaget vårt er strategisk forma ut for i alle fall å få fleirtal for innhaldsmerkinga. Men når folk flest er så positive til faremerking overfor gravide og sjåførar, kan det bevege politikarane til eit ja her også, seier Toppe.

Då Stortinget behandla rusmeldinga i førre stortingsperiode, vart spørsmålet om merking av vin, øl og sprit sett på vent. Fleirtalet ville vente på EU-arbeidet på feltet. (©NPK)

LES OGSÅ: Rusmisbruk går i arv