Folk strøymde til kinoane
Digitale strøymetider til trass; folk held fram med å gå på kino. Det blei ei sterk avslutning på kinoåret 2013.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det melder bransjeorganisasjonen Film & Kino. Kinobesøket bikkar dryge 11,7 millionar for 2013. Det er ein nedgang på fire prosent samanlikna med i fjor, men likevel eit besøksår nær snittet dei siste 10 åra.
Publikumstilstrøyminga til norske filmar ser ut til å bli den nest beste dei siste 10 åra, med ein norskdel nær 23 prosent – og ein besøksauke på rundt 29 prosent, samanlikna med 2012.
LES OGSÅ: – Framleis veldig aktuell
Per 26. desember var totalbesøket på norske kinoar 11.420.772.
Besøket til norske filmar landa på 2.624.037. Vidare finn vi to norske filmar med i lista over dei ti mest besøkte filmane i år, og dei norske filmane utgjer 32 prosent av totalbesøket.
– Det er blitt ei sterk avslutning på kinoåret. Dei tre best besøkte filmane kom alle i dei to siste månadane i år. Dette viser at publikum strøymer til kinoane når dei rette titlane kjem, seier kommunikasjonssjef Birgitte Langballe i Film & Kino.
Besøket på kino i desember blir det beste desemberbesøket sidan 1999, som er så langt tilbake i tid Film & Kino har månadstal tilgjengelege elektronisk.
LES OGSÅ: Dette er årets mest sette film
Dei ti best besøkte filmane i 2013
Tittel: «Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa»: Besøk: 822.470
Tittel: «Hobbiten: Smaugs ødemark» (3D): Besøk: 397.491
Tittel: «The Hunger Games: Catching Fire»: Besøk 317.309
Tittel: «Iron Man 3 (3D)»: Besøk: 292.340
Tittel: «Fast & Furious 6»: Besøk: 273 485
Tittel: «Grusomme meg 2» (3D): Besøk: 267 122
Tittel: «Gåten Ragnarok»: Besøk: 250.570
Tittel: «Croods (3D)»: Besøk: 246.691
Tittel: «Rive-Rolf 3D»: Besøk: 232.835
Tittel: «The Hangover Part III»: Besøk: 218.488
LES OGSÅ: Den flygande strikkegensaren