– Flau over å vera norsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blir flau over å vere norsk når verdas største statleg eigde fond ikkje bryr seg om etiske investeringar, seier Hanne Sofie Lindahl, nestleiar i Changemaker i ei pressemelding.

LES OGSÅ: KrFU vil ha Oljefondet ut av Nestlé 

– Som å tru på julenissen
I dag aksjonerte ungdomsorganisasjonen Changemaker og Kirkens Nødhjelp utanfor Finansdepartementet då finansminister Siv Jensen la fram ei stortingsmelding om Statens Pensjonsfond Utland (SPU), best kjent som Oljefondet.

– Dagens tredelte organisering av arbeidet mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Etikkrådet er ikkje optimal, skriv finansminister Siv Jensen i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

Planen er å la Noregs Bank ta over arbeidet med etiske vurderingar om kvar Oljefondet kan investerast. Det er ei avgjerd som er i tråd med anbefalinga frå Strategirådet, som er utnemnt av Finansdepartementet. I fjor haust foreslo rådet å leggje ansvaret for eventuell boikott av selskap til hovudstyret i Noregs Bank.

– Å tru at finansfolka i Noregs Bank skal vege etiske omsyn over avkastningsomsyn, er som å tru på julenissen, seier Lindahl, som meiner at Noreg rykkjer ti år tilbake i tid med det etiske arbeidet om Etikkrådet vert lagt ned.

LES OGSÅ: Fleirtalet vil ha Oljefondet ut av kolkraft

Storaktør
Oljefondet investerer no i over 8.000 selskap i 82 land. Fondet er i dag verdas største i sitt slag med ein antatt marknadsverdi på 5.125 milliardar kroner, melder Aftenposten.

60 prosent av investeringane er gjort i aksjar, 35 prosent i rentepapir og 5 prosent i eigedom.

Virginia Gomes frå FNs komite for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar seier til NTB at ho tykkjer det er ein dårleg idé å leggja ned rådet som kontrollerar oljefondets investeringar.

– Eg ser ingen grunn til å leggja ned Etikkrådet. Det er Etikkrådet som vil syta for merksemd rundt menneskerettsbrot, sier Gomes, som fryktar at mindre openheit vil kunne føra til mindre debatt om fondet og dei menneskerettslege sidene ved investeringane.

Leiar i Etikkrådet Ola Mestad fryktar òg konsekvensane av ei nedlegging.

– Då Etikkrådet vart etablert var grunntanken at det skulle være uavhengig. Det er ingen andre fond i verda som har eit så grundig etikkråd som i Noreg, sa Mestad til Dagens Næringsliv førre månad.

LES OGSÅ: – Oljefondet knusar hjarta våre

Ser mot Venstre
Òg organisasjonane Fremtiden i våre hender og Bellona er negative til forslaget.

– Oljefondets etikkråd burde framleis vere ein ekstern, uavhengig instans. Bellona er uroa for at Etikkrådet no kan verte eit lite hjørnekontor i Noregs Bank, og at det vert mindre openheit rundt fondets investeringar, seier kommunikasjonssjef Andreas Kokkvoll Tveit i Bellona til NTB.

Changemaker vonar no at samarbeidspartia til regjeringa vil stoppe forslaget.

– No er det opp til Venstre og KrF å legge ein stoppar for regjeringas uansvarlege politikk, seier Hanne Sofie Lindahl i Changemaker. 

Støtte frå ungdomsparti
Unge Venstre og KrFU støttar Changemaker i kampen mot nedlegginga av Etikkrådet.

Unge Venstre ynskjer å leggja press på samarbeidspartane for å stoppa forslaget.

 Etikkrådet har synt at det er mange menneskjer som jobbar under uetiske forhold, støtta av norske oljepengar. Måten finansdepartementet mange gongar har unngått å gripa inn, syner òg kor viktig det er at Etikkrådet fortset å vere uavhengige. No må KrF og Venstre syne veg, før regjeringa går seg heilt vill, seier leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, i pressemeldinga frå Changemaker.

KrFU peikar på at fattige menneskjer vert ramma av uetiske investeringar.

– Det er både respektlaust ovanfor det arbeidet som Etikkrådet gjer, og uansvarlig ovanfor dei menneska som vert ramma av uetiske forhold knytt til norske oljepengars investeringar, seier leiar i KrFU, Emil André Erstad.

Faktaboks

Etikkrådet        

• Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland (SPU) er eit uavhengig råd oppnemnt av Finansdepartementet
 Etablert i 2004
 Leiar er Ola Mestad, professor ved Senter for europarett ved Universitetet i Oslo
• 
Rådet har fem medlemmar
• 
Vurderer selskap si verksemd opp mot retningslinjer fastsett av Finansdepartementet
 Rådet gir råd om å stengje ute selskap frå fondet eller setje selskap til observasjon