Fekk nynorske bøker etter medieoppslag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk skulebøker etter medieoppslag

Fagereng har nynorsk som hovudmål, og sa i frå første veka etter sommarferien at ho ville ha skulebøkene på nynorsk. Men ikkje før i går tysdag, etter førstesideoppslag i lokalavisa Rana Blad og sak på NRK Nordland fekk ho bøkene på den målforma ho har krav på.

– Det skjedde ingenting med bestilling av bøker før eg hadde hatt kontakt med Noregs mållag og Norsk Målungdom, og sa at om det ikkje skjer noko med det her så blir det mediesak av det, seier Ingvild Elisabeth Fagereng til Framtida.no.

Til Rana Blad sa Fargereng at ho gav beskjed til lærarane sine om språkvalet første skuleveka, og ho har mast på dei om bøkene etter det. Sidan har ho kontakta studierektor for å få fortgang i sakene, og til slutt kontakta ho òg Norsk Målungdom for å få råd og hjelp. 

LES OGSÅ: – Heng ut skular som bryt opplæringslova

– Lettare med nynorsk
– Eg vil ha nynorsk fordi eg synes det er lettare enn bokmål, forklarar Ingvild Elisabeth Fagereng til Framtida.no, og held fram:

– Eg synest det er dumt og i grunn irriterande at det tar skulen fire veker før ein eingong finn ut at ein skal bestille bøkene og at eg må "truga" dei med mediesak før dei ein gong bestiller bøkene.

Fagereng reagerer i tillegg på at ein norsklærar har kome med negativ kommentar til nynorsken og at ho ikkje har fått tatt kartleggingsprøve på nynorsk.

KOMMENTAR: Tid for å vera tøff i trynet

Provosert
– Læraren sa den ikkje eksisterer på nynorsk, noko eg veit at han gjer, fortel ho til Rana Blad. – Det var liksom vanskeleg kvar gong eg ville ha noko på nynorsk, og det opplever eg som provoserande og demotiverande.

Rektor Kaia Erlandsen ved  Polarsirkelen, som Moheia høyrer til, beklagar at ikkje Ingvild Elisabeth Fagereng har fått bøkene sine. Trass i at Fargereng har gitt beskjed til lærarane sine, har ikkje studierektor ved Moheia fått beskjed før for halvanna veke sidan, ifølgje Rana Blad. Rektor er ikkje kjend med at Fagereng har klaga på ein av lærarane sine.