Færre nordmenn går i kyrkja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har hatt ei klar sekularisering i Noreg sidan tidleg på nittitalet, konkluderer SSB i det siste nummeret av Samfunnsspeilet.

SSB peikar på det fleirkulturelle samfunnet som ei viktig årsak til at andre trusretningar og religionar har fått større plass, og at oppslutninga om statskyrkja har vorte mindre.

LES OGSÅ: Arbeidsinnvandring gav kyrkjedobling

Taper terreng
I fjor var det færre til gudsteneste i Den norske kyrkja enn på mange år. Kyrkja registrerte drygt 6 millionar gudstenestebesøk i fjor, mot 7,5 millionar i 1995.

Dåpstala har gått ned i mange år, men tala på kyrkjekonfirmasjonar og gravferder er meir stabile. Det siste året er det likevel ein mindre del av dei døde som blir gravlagde i kyrkja enn i 1995, dette talet har gått ned frå 91 til 90 prosent.

Generelt er det færre menneske som giftar seg i Noreg, men kyrkjevigslane taper likevel terreng i høve til det totale talet vigslar.

Religionsundersøkingane til SSB viser elles at mens 18 prosent i 2008 sa dei ikkje trudde på noka form for Gud, var dette talet ti år tidlegare berre 10 prosent.

I 2012 oppgav 14 prosent at dei ikkje var medlem av noka trus- eller livssynsforeining, mot 8 prosent i 1994. (©NPK)

LES OGSÅ: Brudepar giftar seg andre stader enn i kyrkja