– Fantastiske nyheiter for Noreg og Telemark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rjukan og Notodden inn i verdsarven

Unescos rådgjevande organ ICOMOS behandla søndag søknaden frå Telemark fylkeskommune i den tyske byen Bonn. Unescos verdsarvliste omfattar stader som har eineståande betydning for menneskja og bør bli tatt vare på.

Det var Norsk Hydros anlegg for kunstgjødselproduksjon på Notodden og Rjukan som var utgangspunktet for søknaden.

– Dette er ein stor dag for Telemark. Det er ei ære og eit kvalitetsstempel som gir store moglegheiter, seier ein glad og stolt fylkesordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen (Sp).

Han trur verdsarvstatusen vil føre til fleire turistar og fleire arbeidsplassar.

– Dette gir store ringverknader i fylket. Det gjer oss attraktive som reisemål over heile verda og viser at vi får det til i Telemark. Det er eit internasjonalt kvalitetsstempel på vår stolte industrihistorie, seier fylkesordføraren.

LES OGSÅ: Ordførar trur på gull av gråstein

– Ein stor dag
Ordførarane i Notodden, Tinn og Vinje – Jørn Christensen (H), Steinar Bergsland (H) og Arne Vinje (SV) – seier i ei pressemelding at dei er både stolte, begeistra og rørte.

– Ein status som gir eit godt utgangspunkt for auka satsing på stadsutvikling i kommunane, og auka søkjelys på vår felles vertskapsrolle, fortel ordførarane.

Dei seier dei vil arbeide for at statusen er med på å skape endå større samhandling i verdsarvstaden Rjukan – Notodden.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) var raskt ute for å gratulere, og seier dette er fantastiske nyheiter for Noreg og Telemark.

– No er det vedtatt at industriarven vår skal takast vare på for framtidige generasjonar. Verdsarvstatus opnar også for ny næring og arbeidsplassar i regionen. Eg har tru på at Telemark grip moglegheita dei no har fått. No vil vi vise at vi kan verne kulturarven samtidig som vi legg til rette for verdiskaping, seier Sundtoft.

LES OGSÅ: Den ukjente sabotøren

Eksklusiv liste
På den eksklusive lista finst blant anna verdskjende område som Grand Canyon, Galápagosøyane og Yellowstone nasjonalpark. Rjukan – Notodden blir Noregs åttande verdsarvstad. Andre norske på lista er Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Bergstaden Røros, Bergkunsten i Alta, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap.

Noreg har dessutan fire målepunkt på den fleirnasjonale Struvemeridianen som står på lista. Meridianen går frå Hammerfest til Svartehavet.

Å bli skriven inn på lista over kultur- og naturarven i verda gir verken ein sum pengar eller medfører noka form for umiddelbare gode. Utnemninga kan derimot gjere at reiselivet får auga opp for slike stader. (©NPK)

Faktaboks

UNESCOs verdsarvliste

World Heritage List (WHL), eller verdsarvlista, blei etablert i 1972 av Unesco (FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur).

Lista har som mål å verne om uerstatteleg kultur- og naturarv og er ei oversikt over verdsarvobjekt (kultur- og naturområde) i medlemslanda.

Status som verdsarv inneber eit ansvar for å sikre stadene for ettertida.

Verdsarvstatus inneber ikkje ei ny form for vern, det er berre eit ekstra kvalitetsstempel, ein eksklusiv internasjonal status og ei merkevare med stor tiltrekkingskraft innan reiselivet.

På lista blant verdskjende område som Grand Canyon, Galápagosøyane og Yellowstone nasjonalpark står førebels seks stader i Noreg: Urnes stavkyrkje (1979), Bryggen i Bergen (1979), Bergstaden Røros (1980), Bergkunsten i Alta (1985), Vegaøyane (2004) og Vestnorsk fjordlandskap (2005)