EU seier nei til oljeboring i Arktis
– Må stoppa norsk oljeboring, seier Natur og Ungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
EU seier nei til oljeboring
Torsdag 16. mars stemde EU-parlamentet over eit forbod mot oljeboring i Arktis. Forslaget om å forby oljeboring i isfylte havområde i Arktis gjekk gjennom med stort fleirtal. Parlamentet understrekar uroa for oljeboring i sårbare arktiske område, og rår land òg i EØS til å retta seg etter det nye forbodet.
– EU-parlamentet er alvorleg bekymra for klimaendringane i Arktis. Forureining i arktiske havområde kan ha store konsekvensar for det globale fisket. Oljeboring med fare for søl vil definitivt vera ein fare. Eit forbod mot oljeboring i dei mest sårbare havområda i Arktis var på høg tid, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
No ber Natur og Ungdom norske styresmakter om å høyra på forbodet frå EU-parlamentet, og leggja vekk 24. konsesjonsrunde.