Er du klar til å satsa, Torbjørn?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elles er ikkje utsagnet til statsministaren verdt blekket det er skrevet med.

Det er avgjerande at studentvelferd får eit løft her – men behovet er også enormt for ei satsing på andre områder i sektoren. Etterslepet på bygningar i universitets- og høgskulesektoren er enormt, for enormt til at institusjonane kan handtera det over eigne budsjett.

Ved Universitetet i Bergen er etterslepet på bygningsmassen kring 2,5 milliardar kroner – dette er summar som dei fleste av oss ikkje forstår omfanget av. I tillegg har ein eit finansieringssystem i høgare utdanning som ikkje gjev dei resultata som ein ynskte når dette tredde i kraft frå og med budsjettåret 2003.

LES OGSÅ: Norske studentar tør ikkje seia frå

Det er fleire store prosessar på gong i sektoren som forhåpentlegvis vil føra til utvikling i retning av det betre. Etter å ha lagt ned eit raudgrønt finansieringsutval oppretta den blå-blå regjeringa eit nytt, som skal legga fram sin rapport rundt årsskiftet 2014/2015. Dette er eit arbeid som eg har store forventningar til. Det er behov for at ein større del av finansieringa kjem som basisfinansiering og at mindre kjem etter at studiepoenga er produsert, som resultatbasert finansiering. Eit slikt system vil gje institusjonane tryggare rammer og vil føra til mindre fokus på å få flest mogleg gjennom, raskast mogleg.

LES OGSÅ: Studentar går kraftig i minus

Som på alle andre felt er nøkkelen til suksess at ein satsar heilskapleg. Verken oppussing av bygg, ny finansieringsmodell eller god studiefinansiering er åleine nøkkelen til kunnskapshuset, det er fyrst når grunnmuren er bygd, veggane reist, og taket tett att ein kan snakka om resultat.

Debattane om kunnskap omhandlar ofte grunnskulen, av god grunn, den er essensiell for å bygga fundamentet i kunnskapssamfunnet. Likevel er det avgjerande at UH-sektoren også vert løfta fram, både i debattar men også i statsbudsjettet. Samanlikna med mange andre land levera ikkje Noreg so godt som ein skal kunne forvente. Skal kunnskap erstatta oljen trengs det ei storstilt satsing, jo før denne kjem jo betre vil det vera og jo tidlegare vil denne satsinga gje dei resultat som ein ynskjer. Regjeringa har no høve til å legga fram det som for all framtid vil verta hugsa som kunnskapsbudsjettet – me ventar i spaning.

Tommy Aarethun

Leiar, Studentparlamentet ved UiB

LES OGSÅ: – Ekstra studieår gir 10 prosent høgare utdanning