Eksamenstips frå dei beste

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag skreiv Framtida.no at det går an å få betre enn 6 som karakter på eksamen. Lone Kathinka Elisabeth Vik, Eirin Alvilde Nordeide og Karen Helset blei sist veke tildelt Fridtjov Oos’ legat som går til beste eksamen i norsk hovudmål på nynorsk.

Me spurte vinnarane kva deira beste eksamenstips er:

Eirin Alvilde Nordeide, gjekk ut av Hafstad vidaregåande i Førde i fjor, og går på jus i Bergen no:

1. Start tidleg!

– Eg vil oppfordre alle til å begynne tidleg! God skriving er ikkje noko som kan lærast dei siste to vekene før eksamen, det tek tid. Utnytt skrivedagane og tilbakemeldingane du får der, og prøv å skrive ulike oppgåvetypar kvar gong slik at du finn ein stil du likar og slik at du slepp å bli overraska over ein oppgåvetype du ikkje er trygg på på eksamensdagen.

2. Rettskriving, struktur og førebuing

– Når eksamen nærmar seg, er det lurt å sjå over kommentarar på tidlegare oppgåver, sjå om ein har kontroll på rettskriving, korleis det er lurt å strukturere teksten og så vidare. Om ein vil øve meir, er det god trening å skrive ut ei eksamensoppgåve eller to slik at ein er førebudd på eksamenssituasjonen.

3. På eksamensdagen 

– På sjølve eksamensdagen er det eit godt tips å ikkje begynne rett på skrivinga, men heller ta seg tid til å lage ein disposisjon over oppgåva. Les oppgåveteksten godt, og sjå kva oppgåva spør etter. Medan du les oppgåveteksten er det lurt å skrive ned dei tankane du gjer deg, slik at du har eit utgangspunkt for å utforme teksten din.

Les langsvaroppgåva til Eirin her!

Les kortsvaroppgåva til Eirin her!


Lone Kathinka Elisabeth Vik, gjekk ut av Volda vidaregåande i fjor og går no på grunnskulelærarutdanning 5-10 i Kristiansand:
4. Når du les til eksamen, er det lurt å velje eit par oppgåvetypar som er typiske eksamensoppgåver.

5. Finn malar, for eksempel til novelletolking og diktanalyse og øv på desse.

6. Å lese svar på tidlegare eksamensoppgåver kan og vere til god hjelp.

7. Elles er det viktig å huske grunngjevingar for eiga forståing og for det ein skriv.

8. Til slutt, hugs at på norskeksamen finst det ikkje ein fasit, løysingane er mange. Lykke til!

Les langsvaroppgåva til Lone her!

Les kortsvaroppgåva til Lone her!

Karen Helset gjekk ut av Volda vidaregåande i fjor, og går no på Høgtun folkehøgskule:

9. Les oppgåveteksten godt!

10. Det kan vere lurt å skrive ned dei viktigaste sjangertrekka på førehand, slik at ein kan bruke det som ei «sjekkliste» når ein skriv.

11. Ta med vatn, mat og prøv å ta små pausar undervegs.

12. Dersom du står fast, hald fram med ein annan del av teksten og gå heller tilbake etterpå.

13. Og sist, men ikkje minst: Ha trua på at det går bra!

Les fleire av dei beste eksamenssvara i norskeksamen i hovudmål som er levert dei siste åra!

Faktaboks

► Fridthiov Oos’ legat er grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.
► Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.
► Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser og fleire forfattarar og politikarar.

Les intervju og fleire eksamenssvar frå tidlegare vinnarar!