– Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hauge-senteret er opna

Med strålande sol og rundt tjue varmegrader kunne ramma knapt vore betre då folk frå mange kantar av landet møtte fram for å vera med på den høgtidlege opninga i poesibygda.

– Denne dagen er starten på ein merkedag for Olav H. Hauge, sa leiaren i Olav H. Hauge-stiftinga, Randi Skeie, då ho opna dagen med å leggja ned blomar på grava til diktaren.

Hauge-stiftinga er ein av initiativtakarane til Hauge-senteret, men det skal ikkje berre vera eit minnesmerke over Hauge og livsverket hans.

– Det er gledeleg å sjå at Hauge-senteret har sett seg som mål at det skal vera eit senter for poesi av alle slag, sa leiaren i Den norske Forfatterforening Sigmund Løvåsen i opningstalen. Han håpar senteret blir eit kraftsentrum for poesi og litteratur.

Nytt liv i gammalt hus
Hauge-senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik med flott utsikt til fjord og fjell. Huset frå 1950-talet er ombygd til eit moderne museum med utstillingar, museumsbutikk og kafe.

Ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) var både stolt og glad då han helsa dei mange frammøtte.

– Dette er ein stor dag både for Ulvik-samfunnet, for Hordaland og for Noreg, sa han.

LES OGSÅ:Mange bilete – inga sanning

Eitt liv – små historier
Mottoet til museet, «Store opplevingar på små flatar», viser både til at det har avgrensa plass, og til at små, korte dikt kan romma stort innhald.

Mesteparten av utstillinga i første høgda er vigd Olav H. Hauge. Utstillinga er delt på tre rom og tek for seg fire tema: Handverkaren, diktaren, skrivaren og lesaren Olav H. Hauge. Gjennom utstillingane får publikum innblikk i ulike delar av livet og forfattarskapen til gartnaren og diktaren frå Ulvik.

– Eit gjennomgåande grep er at publikum oppdagar livet og skrivinga til Hauge gjennom mindre historier fortalt i små boksar, fortel dagleg leiar Geir Netland og viser oss lyssette boksar som heng i små grupper rundt om i rommet. Nokre har små dører som berre ventar på å bli opna. Andre er opne og klare til at små og store tittar inn. I ein boks kan publikum til dømes sjå eitt av dei tidlege vitnemåla til forfattaren. Ein annan fortel om oppveksten i heimen. Her er også sitat frå dagbøkene hans, glimt frå kontakt med forlagsverda og informasjon om kva som inspirerte han, Publikum kan til dømes kikka inn i den lokale bokhandelen, i biblioteket eller opna postkassen hans.

Frå Bodil Cappelen, enkja etter Olav H. Hauge, har senteret fått alle originalbreva ho og Olav skreiv til kvarandre og den private fotosamlinga hennar med fleire hundre bilete.

LES OGSÅ:Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Anderz Eide kom i robåt til Hauge-senteret. Foto: Terje Hjartnes

Frå eddadikt til rap og hip pop
Andre høgda inneheld mellom anna store delar av den private boksamlinga til Olav H. Hauge på rundt 6.300 verk. Her er også informasjon om internasjonale og norske forfattarar som hadde mykje å seia for han.

– Men senteret er mykje meir enn Olav H. Hauge. Både verdslyrikken, brukslyrikken og songlyrikken er ein del av formidlinga vår, understrekar Netland. I små diktboksar kan publikum sjå døme på ulike diktsjangrar og diktformer.

– Her viser me det store spennet som finst i lyrikken, seier Netland og viser oss diktkassane med alt frå eddadikt i Håvamål til rap og hip pop.

Ei viktig oppgåve for senteret er å spreia informasjon.

– Me skal arbeida aktivt mot skuleverket og tilby tilrettelagde opplegg for ulike alderstrinn, seier Netland og viser oss skriveverkstaden som er spesielt lagt til rette for dette formålet. Her kan elevane mellom anna få prøva seg som forfattarar med skrivetips frå ulike forfattar.

LES OGSÅ:Brev blei til kjærleik

– Mykje for pengane
Prislappen på Hauge-senteret er på 11 millionar kroner.

– Det er den billegaste nasjonale kulturinstitusjonen som er opna på lang tid, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum. Nynorskkonsernet på Sunnmøre har det administrative ansvaret for senteret, som er finansiert av tolv ulike instansar i eit spleiselag mellom offentlege og private aktørar.

– Det finst allereie fleire litteraturhus. Vi har Aasen-tunet og Garborgsenteret. Er det plass til eit slikt senter?

– Det er plass til Hauge-senteret når vi byggjer ein høgare himmel over det store livsverket til Hauge, og får det handlingsrommet som lyrikk i mange former gjev oss. Det gjer at vi kan gjera ting som ingen andre kan gjera og knapt nok blir gjort i andre land, seier Ottar Grepstad.

QUIZ: Kva veit du om Olav H. Hauge?

VIKTIG OG FOLKEKJÆR: Olav H. Hauge (1908– 1994) blir rekna som ein av dei viktigaste og mest folkekjære norske lyrikarane i etterkrigstida. På Hauge-senteret kan publikum bli meir kjende både med forfattaren og forfattarskapen hans. Foto: Rolf Tepstad / Hauge-senteret

Faktaboks

• Held til i det gamle heradshuset i Ulvik
• Skal spreia kunnskap om og vekkja interesse for litteratur generelt og diktinga til Olav H. Hauge spesielt.
• Dokumenterer og formidlar lyrikk i mange former frå inn- og utland,
• Tilbyr kulturarrangement og eigne omvisingar for grupper.
• Nynorsk kultursentrum i Ørsta har driftsansvaret for Hauge-senteret,
• Har fire fast tilsette.
• Geir Netland er dagleg leiar.

Les meir om Olav H. Hauge på Allkunne!

Gå til samlesidene våre om Olav H. Hauge!