– Ein språkvitskapleg tungvektar

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åse Wetås er tilsett som ny direktør for Språkrådet. Wetås er fødd i 1972 og er dr.art i nordisk språkvitskap. Sidan 2008 har ho vore prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014.

– Wetås har tung fagleg kompetanse og erfaring som er svært relevant for Språkrådet. Med hennar faglege bakgrunn og personlege eigenskapar er ho godt rusta for dei oppgåvene og utfordringane Språkrådet står ovanfor, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

– Tungvektar
Også styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet er nøgd. Han kjenner Wetås frå før, gjennom hennar medlemskap i styret til Språkrådet.

– Med Åse Wetås får norske språkbrukarar den drivande språkdirektøren dei fortener, og dei tilsette får ein varm og tydeleg leiar som spelar på lag med dei og gjer dei gode. Ho er ein språkvitskapleg tungvektar med sans for presisjon og evne til formidling. Desse eigenskapane har vi andre i styret fått nyte godt av i mange år med henne som styremedlem. Som søkjar blei ho vurdert minst like kritisk som andre kandidatar, og då konklusjonen skulle trekkjast, var der ingen tvil.