Tema: Yrkesval, facebook, Twitter

Difor bør studentar bruke Twitter

«Alle» er på Facebook, men vil du maksimere sjansen for å få jobb bør du byrje å tvitre.

Hans J. Skjong/Universitas
fredag 18. mai 2012 13.55

Difor bør studentar bruke Twitter Bilete: Flickr/Coletivo Mambembe/CC-lisens.

Den slitne frasa om at nettverket ditt kan gje deg jobben du har lyst på, kjenner alle til. Men der dei fleste øydslar bort eksamenslesinga på å «bli likt» og Facebook-chat, nyttar andre sosiale medium til meir profesjonelle føremål.

Heidi F. Enger Otone fann den nye jobben sin ved å bruke Twitter.

–- Eg søkte etter PR og jobb i Twitter, og fann utlysinga som Renommé Communications hadde lagt ut same dag. Stillinga vart berre kunngjort på Facebook og Twitter, seier 28-åringen med ein bachelorgrad i PR- og kommunikasjonsleiing frå BI til Studenttorget.no.

Og jobb det fekk ho, som informasjonsmedarbeidar i selskapet.

Billegare for arbeidsgjevarar
Dagleg leiar i Renommé Communication, Tom Egil Martinsen, har veldig gode røynsler med bruk av sosiale medium til jobbsøk.

– Nokre gonger brukar vi berre sosiale medium, andre gonger brukar vi det i tillegg til andre kanalar. Fordelen er at det er veldig enkelt, og at det går veldig raskt. Og det blir sjølvsagt mykje billegare utan annonser og rekrutteringsselskap, seier han til Studenttorget.no.

Han meiner studentar burde følgje føretak dei er interesserte i på Twitter og Facebook.

Les òg: Meir samanvovne enn rekna med

– Viss ein som student har nokre tankar om kva ein vil jobbe med, ville eg følgt aktuelle selskap på sosiale medium. Då vil ein raskare fange opp om føretaket lyser ut etter nye tilsette, og dermed kome tidlegare inn i søkeprosessen. I tillegg får ein ei kjensle av kulturen i føretaket, og lærer noko som seinare kan kome godt med i eit eventuelt intervju.

Treng ikkje bli supertvitrar
Martinsen trur Twitter-jobbsøking vil kome sterkt òg i andre bransjar enn hans eigen.

– I bransjen vår er dei fleste på sosiale medium, og spesielt dei unge er ein målgruppe det er greitt å nå der. Om nokre år vil dette auke dramatisk òg i andre bransjar. Har ein først bygd seg opp eit nettverk, kan ein òg nå folk som er i jobb, men som spontant kan fatte interesse, eller eventuelt tipse folk dei kjenner om stillinga, seier han.

Les òg: Sosiale media skapar nytt hierarki

Men sjølv om Twitter kan vere nyttig meiner nytilsette Otone at du ikkje treng å «bu» inne på den sosiale nettstaden.

– Studentar og nyutdanna bør bruke sosiale medium aktivt. Eg er ikkje den største twitraren sjølv, men eg held meg oppdatert. Ein må ikkje skrike ut, men i alle fall følgje med, seier ho.

Les saka i Universitas!


Oppdatert: laurdag 19. mai 2012 10.36
Kommentarar 0

 
ANNONSE: