Difor bør du tenne frå toppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sot og røyk er ofte resultatet av gal opptenning i moderne omnar. No viser det seg at 2 av 3 nordmenn som har ein eldstad tenner opp feil.

– Alle som har vaska sot av glaset veit kor irriterande det kan vere. Like irriterande er det å bruke fyrstikk på fyrstikk utan å få resultat, seier styreleiar i Norsk Varme, Merethe S. Halvorsrød.

Tenn frå toppen

Tenn frå toppen er rådet frå Norsk Varme og frå forskarhald. Når ein tenner på frå botnen av bålet får ikkje pipa nok trekk og flammane får ikkje nok luft . Dermed blir det dårleg med bål. I beste fall blir det ein lengre periode med sot og røyk.

– Ein bør tenne frå toppen i alle omnar, helst med tennbrikettar, seier Halvorsrød. Grunnen er raskare opptenning – pipa blir raskare varm og flammane får meir luft og ein får raskare god forbrenning. Dette reduserer partikkelutsleppet med inntil 90 prosen og ein sparer 40 prosent ved.

Viktig med riktig fyring

– Det er ei utfordring for bransjen å auke talet på folk som fyrer frå toppen. Det gagnar miljøet gjennom reduserte utslepp, og det gagnar forbrukaren som enklare vil få fyr i omnen, seier Halvorsrød.

Moderne omnar treng meir trekk i opptenningsfasen enn gamle. Dermed er gamlemåten å tenne opp på ingen god idé. I tillegg til sot fører den hjelpelause opptenninga til at det dannar seg svevestøv, som kjem ut av pipa, eller i verste fall inn i stova.

Halvparten av alle norske heimar har ein vedomn. I tillegg har kvar femte heim ein peis. To av tre av vedomnane er reintbrennande og produsert etter 1998. Dei nye omnane slepper ut inntil 90 prosent mindre partiklar enn dei gamle omnane. Det er eit mål at alle omnar i Noreg skal vere reintbrennande.

Les saka i Vikebladet!