– Dette bør valkampen handla om

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette bør valet handla om

I dag er det åtte månader til lokalvalet 14. september. Då skal veljarane velja kring 11.000 representantar til kommunestyra i 428 kommunar og fylkestinga i 18 fylke.

Me har spurt leiarane av ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar om kva dei meiner valkampen bør handla om.

LES OGSÅ: Glede og skuffelse – og håp for 2015

Nicholas Wilkinson, leiar for Sosialistisk Ungdom

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Valkampen bør handle om korleis vi skal bygge Norge for framtida. Tusenvis har mista jobbane sine i 2014 og dei rikaste tek ein stadig større del av verdiane i samfunnet. Vi treng fleire lærarar, sjukepleiarar og industriarbeidarar. Det kan vi få om me bruker dei store pengane på fellesskap og arbeidsrettar, ikkje skattekutt til dei rikaste.


Emil André Erstad, leiar for KrFU

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Den bør handla om korleis Norge kan gjere meir for å minske uretten i verda. Kommunane bør ta eit større internasjonalt solidarisk ansvar, og busetta fleire flyktningar. 
 

Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar for Raud Ungdom

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Valkampen burde handla om arbeidsliv. 2 av 3 nordmenn ønskjer ikkje å svekkja Arbeidsmiljølova, og folk flest synest dagens reglar er fleksible nok. Likevel har dei mørkeblå planar om å tre sine endringar ned over hovuda på folk. Det norsk arbeidsliv treng er faste tilsettingar, heile stillingar og ordna vilkår. Å svekkja Arbeidsmiljølova vil ha motsett effekt.

 

Lage Nøst, Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Fram til me har handtert klimaendringar og tap av biomangfald, må alle valkampar handla om korleis me byggjer eit heilgrønt samfunn – prega av medmenneskelegheit, rettferd, lågare forbruk og meir livskvalitet.

QUIZ: Kva hugsar du frå 2014?


Atle Simonsen, leiar for FpU

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Den bør handla om politikk og politisk usemje. Ikkje om personar, forhandlingar, kompromiss eller regjering.

LES OGSÅ: – Klasse er ikkje lenger viktig

 


Mani Hussaini, leiar for AUF

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Korleis me skal koma oss ut av oljealderen og inn i ei fornybar framtid.

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest

 


Tord Hustveit, leiar for Unge Venstre: 

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Eg håpar han vil handla om korleis me får ein skule som gir alle moglegheiter, og korleis ein kan gjera gode miljøtiltak lokalt. Og så håper eg at me får fokus på noko ikkje så mange snakkar om, og kan gjera kvardagen til rusmisbrukarar og psykisk utviklingshemma enklast mogleg.

LES OGSÅ: – Den store taparen er neste generasjon

Kristian Tonning Riise, leiar for Unge Høgre: 

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Korleis mebest kan sikra at kvar enkelt elev i skulen får høve til å realisera sitt potensial og blir gitt dei beste føresetnadene for å klara seg i eit stadig meir globalt og kunnskapsintensivt arbeidsliv.

LES OGSÅ: Protesten mot Jantelova


Erling Laugsand, leiar for Senterungdommen

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

Valkampen 2015 bør handla om forskjellige saker i dei forskjellige kommunane ut frå kva for utfordringar som finst rundt omkring. En sak som bør vera sentral i valkampen i alle landets kommunar er kommunereforma som ligg an til å bli den største reforma av folkestyret vårt på nærmare 50 år.

LES OGSÅ:Dette stod høgast på ønskelista for 2014

Andrea Sjøvoll, leiar for Press – Redd Barna Ungdom

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Valkampen bør handla om dei som vanlegvis ikkje får plass i valkampen, nemleg barn og unge. Når 20 prosent av befolkninga ikkje har stemmerett er det ekstra viktig at stemmene til unge og dei sakene unge bryr seg om blir høyrt i løpet av valkampen. Eg håper dette blir valkampen til ungdom!
 

Anders Kvernmo Langset, leiar for Norsk studentorganisasjon

Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Valkampen bør handla om kunnskap for framtida. Heile 26 prosent meinte i stortingsvalet i 2013 at «Skole og utdanning» var den viktigaste saken – det slår til og med eldreomsorg og skattepolitikk. Men det er skuffande lite diskusjon om utdanning i Stortinget og i samfunnsdebatten elles. Me treng politikarar som tør å meina noko meir enn berre at «kunnskap er den nye olja», men også om korleis utdanningane bør vera for at studentane skal bli best mogleg, og korleis utdanningssystemet vårt skal vera lagt opp for å sikra god studiekvalitet. Alle veit at kunnskap er viktig, eg vil ha ein valkamp som verkeleg prioriterer det som eit politisk felt. Det er ikkje nok å kalla seg eit kunnskapsparti og berre snakka om etterutdanning av lærarar, eller å peika på det store fråfallet i vidaregåande utan å sjå på heile utdanningssystemet. Kunnskapspolitikken legg mykje av grunnlaget for det me diskuterer i morgon – difor er det viktig.

 

Arnstein Vestre, leiar for Natur og ungdom

– Kva bør valkampen i 2015 handla om?

Valkampen bør handla om korleis me skal snu heile det norske samfunnet til å bli eit samfunn utan klimagassutslepp. Klimaproblemet er globalt, men løysingane finst her i alle kommunane. Me må diskutera oljeboring i Lofoten, bilfrie sentrum i Oslo og storbyane og meir kollektivtrafikk over heile landet.

LES OGSÅ: – Kan forandra det politiske landskapet


Jørn Wichne Pedersen, leiar for Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Eg håper på ein valkamp der medmenneskelegheit blir eit sentralt element. For sjølv lokalval kan ha betydning for korleis me forheld oss til verda. Om kommunen er villig til å ta imot fleire flyktninger og asylsøkarar, og kva politikarane tenker å gjera for å redusera utslepp av klimagassar lokalt, er for eksempel to spørsmål eg meiner at bør diskuterast meir.


Stian Seland, leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

Kva bør valkampen i 2015 handla om?

– Ved det førre valet var det ein enorm dugnad for å få fleire unge til å nytte røysteretten, som førte til eit historisk hopp i valdeltakinga. Det å få unge til å stemme er viktig, og eg vonar vi kan ta dette arbeidet vidare ved valet i 2015. Når ungdom opplever valet som relevante for dei og kvardagen deira vil fleire bruka røysteretten, og det er ein styrke for demokratiet og samfunnet.

Les fleire saker om stemmerett her!