Det Norske Teatret + Stein Torleif Bjella = sant
Til våren vert det teater basert på musikken til Stein Torleif Bjella.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mykje nytt og norsk på teatret
Det Norske Teatret sleppte onsdag heile repertoaret for vårsesongen.
Heile ni av tolv produksjonar er norske urpremierar. Blant anna blir det teater basert på songar av Stein Torleif Bjella.
– At tekstane og musikken til Stein Torleif Bjella blir til teater er ei hending vi gler oss stort til, seier teatersjef Erik Ulfsby.
«Kan nokon gripe inn» er tittelen på framsyninga, der Lasse Kolsrud står for både manus og regi. Stykket skal visast på hovudscena.
Gjendikting av Fosse
Ulfsby har spesielt store forventningar til Jon Fosse si gjendikting av «Edda».
– Dette er ei framsyning vi trur vil vekke oppsikt internasjonalt. Ein av dei fremste dramatikarane i verda, Jon Fosse, ein av dei fremste regissørane i verda, Robert Wilson, og ein av dei store komponistane i samtida, Arvo Pärt, går saman om å løfte fram den mytologiske fortida vår, seier Ulfsby til NTB.
Det er 12 år sidan sist Robert Wilson sette opp «Peer Gynt» på Det Norske, ei framsyning det framleis blir snakka om. «Edda» får urpremiere på hovudscena 4. mars.
Fra prøvene på "Edda", som er vårens storsatsing på Det Norske Teatret. I forgrunnen Gjertrud Jynge. Foto: Inga Aleknaviciute/Det Norske Teatret.
Tredje og siste urpremiere på hovudscena til våren blir «11 år» av parhestane Toril Goksøyr og Camilla Martens. Publikum blir plasserte på fire meter høge stillas der dei kan kike ned i ein skulegard med klatrestativ, husker og sittegrupper. Ved hjelp av øyretelefonar kan dei samtidig følgje dialogen i eitt av klasseromma på skulen.
Meir Beckett
På dei mindre scenene blir det blant anna teater basert på Brit Bildøens kritikarroste bok «Sju dagar i august», der sorga etter 22. juli er tema.
Toralv Maurstad er tilbake på scena i Tyra Tønnesens «Overføring», ei framsyning basert på intervju med 13 pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvala deira.
Bjørn Sundquist har regien på endå ei Beckett-framsyning. Han har tidlegare sett opp både «Mens vi ventar på Godot» og «Krapps siste spole». No set han opp «Røff» på Scene 2 med premiere 21. januar.
På Scene 2 blir det også svensk familiedrama. Alan Lucien Øyen set opp svenske Lars Noréns «Som lauvet i Vallombrosa».
På den minste scena på teateret, Scene 3, blir det blant anna meir Jon Fosse. «Det er Ales», dramatisert av Maria Sand får premiere 28. januar.
Her vårframsyningane:
Hovudscena:
«Kan nokon gripe inn» – urpremiere 14. januar
«Edda» – urpremiere 4. mars
«11 år» – urpremiere 23. mai
Scene 2:
«Røff» – premiere 21. januar
«Overføring» – urpremiere 18. februar
«Som lauvet i Vallombrosa» – premiere 25. mars
«Drake-Zoo» – urpremiere 6. april
Scene 3:
«Jakob og Neikob» – urpremiere 13. januar
«Det er Ales» – premiere 28. januar
«Åstaddikting» – urpremiere 25. februar
«Sju dagar i august» – urpremiere 1. april
«Eg hatar persiske teppe» – urpremiere 23. mars. (©NPK)
LES OGSÅ: Kva hadde skjedd om Julie var på Tinder?