– Det grøne skiftet er eit luftslott

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amram Hadida er leiar for verkstadklubben ved Kværner Stord. Medlemmane hans har vore med på å bygga og setja saman flest av plattformane på norsk sokkel, mellom anna Troll A – det største menneskeskapte byggverket som nokon gong er blitt flytta på.

Hadida er frustert over at stadig fleire folkevalde snakkar om oljenæringa som ei solnedgangsnæring og at ein må omstilla seg til det grøne skiftet.

– Partileiarar snakkar om stopp for oljenæringa. Dei snakkar om 250.000 arbeidsplassar som er knyta til olja, utan å koma med noko konkret, seier han.

LES OGSÅ: Trur på taktskifte i klimakampen

– Framtid for ungdom
Amram Hadida har vore med på å oppleva opp- og nedturar sidan han byrja å jobba i oljeindustrien i Noreg på 90-talet.

– Dette er ikkje ein solnedgangsindustri – heller tvert om. Me har verdsleiande teknologi som kan brukast i det grøne skiftet.

– Det var ikkje slik at ein avliva alle hestar då bilen blei oppfunnen. Det gjekk gradvis. Det er mogleg å kombinera oljeutvinning og det grøne skiftet.

– Me har høgaste HMS-standard i verda og høgaste CO2-avgifta i verda. Eg vågar å stå framfor ungdom og seia at det er ei framtid i oljebransjen, seier Amram Hadida.

Det som har vore eit av landets største lærebedrifter tar enno inn lærlingar, men no i haust er talet redusert til 11 nye lærlingar.

LES OGSÅ: Regjeringa vil ha fleire lærlingar

To tankar i hovudet
Klubbleiaren synest det må vera mogleg å jobba for å skapa fleire grøne arbeidsplassar, samtidig som oljeindustrien får driva parallelt.

Amram Hadida meiner ein må kunne konsekvensutgreia nordområda.

– Så får ein sjå om det er mogleg å bora etter olje. Eg er sikker på at ein kan byggja det ut midt i matfatet på ein trygg måte.

Den reinaste olja
– Det er ingenting som tilseier at energibehovet i verda vil gå ned. Det internasjonale energibyrået meiner fossilenergi framleis vil vera hovudkjelda til energi i verda.

– Då er spørsmålet: skal me ta opp olja vår, eller la ho ligga? Me har den mest reine olja i verda. Fleire millionar europearar er avhengige av gass frå Noreg. Kva er alternativa for dei? Er russisk olje reinare? spør Amram Hadida retorisk.

– Kvifor kan me ikkje utnytta den energien som ligg der? spør Hadida.

LES OGSÅ: Optimistisk på klimakonferanse

Bortkasta milliardar
Kværner Stord sysselset kring 1750 personar fordelt på 850 funksjonærar og 900   operatørar, inkludert112 lærlingar. Alle operatørane er i arbeid i dag. Etter nyttår er det nokre utfordringar med å ha arbeid til alle, men klubben og bedrifta jobbar intenst for å sikra meir arbeid på Stord.

Viss verftet ikkje hadde fått kontrakten dei fekk på å byggja bustadmodulen til Sverdrup-plattformen, så hadde det sett mørkare ut.

– Men kva vil skje om oljeprisen held fram med å vera så låg?

– Eg trur oljeprisen vil endra seg på få år. Me jobbar òg med kostnadene våre, for å bli endå meir konkurransedyktige.

Amram Hadida seier verftet alltid har klart seg tidlegare, men vedgår at situasjonen er annleis no enn tidlegare.

– Oljeselskapa har sett vekk mykje arbeid til utlandet. Men kva har skjedd med det ein har sett vekk? Alle dei åtte plattformane som er sett ut til utlandet i dei siste åra er forsinka. Og Yme har vist seg å vera heilt ubrukeleg. Det er fleire titals milliardar bortkaste kroner for norske skattebetalarar, utan at det har ført til nokon konsekvensar.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?


Amram Hadida har boka om historia til verftet på Stord liggjande på pulten. – Me har vore gjennom opp- og nedgangstider, men har heile tida klart å omstilla oss, seier han.

– Må halda på kompetansen
Enno er det mykje å gjera på norsk sokkel i fleire titals år framover. Hadida nemner nybygg og oppgradering av installasjonar, plugging av brønnar og opphogging.

– Det er viktig å halda på kompetansen som finst i bransjen.

– Me appellerer til ansvarlege politikarar: Slutt å snakka ned industrien vår. Via denne industrien kan me utvikla overgangen til det grøne skiftet. Folk med bakgrunnen vår kan hjelpa til.

Amram Hadida står fast på at han ikkje er klimafornektar, og meiner det er viktig å halda på målet om ikkje meir enn to graders auke i temperaturen i verda. Han kallar testanlegget for CO2-fangst på Mongstad ei suksesshistorie, og kunne gjerne sett eit fullskalaanlegg der.

LES OGSÅ: – Nødvendig å suga ut CO2

Omstillinga
Klubbleiaren ved Kværner Stord er ikkje usamd i at me treng fleire bein å stå på.

– Men slik det framstår for meg i dag, er heile det grøne skiftet eit luftslott.

– Nyleg kom Siemens og Bellona fram til at av dei totalt 180 ferjene som kryssar norske fjordar, vil det løna seg å skifta ut 84 av ferjene til batteridrift og 43 ferjer til hybrid drift. Vil ikkje lønsam og grøn teknologi gi store nye arbeidsoppgåver? Verftet her på Stord har bygd båtar før? Vil ikkje dette kunne skapa arbeid for mange tusen årsverk?

– Det er ikkje så dumt å byggja batteriferjer, kommenterer Hadida.

BT-journalist og historikar Hans K. Mjelva skreiv i doktorgraden sin om korleis dei økonomiske drivkreftene påverka verftet på Stord og dei andre store verfta som me tidlegare hadde ved Rosenberg i Stavanger og Aker i Oslo. I kontrast til eksisterande litteratur tek Mjelva til orde for at den statlege støtta kan tolkast positivt, ved at den var medverkande til oppbygginga av verkstadkonserna Aker og Kværner og såleis la grunnlaget for sentrale delar av norsk offshoreindustri og for industriell vekst i dei følgjande tiåra.

– Me er omstillingsdyktige. Det har me vist mange gonger før, seier klubbleiaren. Etter oljekrisa på 70-talet tok aktiviteten ved verftet seg opp og ein byrja å byggja oljeplattformar, frå Statfjord A i 1977. Men etter dette har det vore fleire periodar med lite arbeid. Konjunkturar og oljepris har variert.

– Burde staten kome kraftigare på banen, slik dei gjorde for nokre tiår sidan?

– Eg meiner ein må ha eit trepartsamarbeid for å finna andre bein å stå på, parallelt med framleis oljeutvinning. Ein må ha eit samarbeid mellom staten og kapitalen. Og kapitalen må sjå at det vil vera lønsamt å investera. Eg er einig at staten må gå sterkare inn det grøne skiftet. Det er trong for ganske mykje, og då må regjeringa på banen med meir midlar. Ein kan ikkje overlata alt til marknaden åleine.