Det er lett å google klamydia og «how to make babies»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lett å google «how to make babies»

Lærar: – Alle i kor. Ein, to, tre:

Jentene: – Nei!!!

Eg er ikkje heilt sikker på om det stemmer, men slik hugsar eg seksualundervisninga. Jentene og gutane kvar for seg.

Me jentene lærte å setje grenser med tre sirklar. Den ytste, der alle slapp inn, den nest ytste, der nokon nære kom inn og den inste – der ingen skal vere.

Kva gutane lærte i det andre rommet anar eg ikkje.

Fruktbare Fitjar
Dette var på mellomtrinnet, då alt var flaut. På ungdomsskulen var det plutseleg stas å få seksar (sex) i seksualundervisning. Då kunne du alt om prevensjon og alt om kjønnssjukdommar, som også skulle ha ein preventiv effekt.

Korleis lage born, men viktigast: korleis unngå det.

På den tida var heimkommunen min – Fitjar – ein av dei mest fruktbare i Noreg.


Alexandra Dahlström og Rebecca Liljeberg i Lukas Moodyssons «Fucking Åmål». Foto: Filmweb

Fucking Åmål
Eg hugsar seksualundervisninga som veldig heteronormativ. «Homo» var berre eit skjellsord i gangane. Lesbisk høyrte me ikkje om før Fucking Åmål. Og bifile fantes ikkje i  2003.

Ulike legningar og samtykke var noko av det unge sakna då Humanistisk Ungdom i fjor ba folk fortelje om si seksualundervisning i kampanjen #minSEXed. 16 år gamle Rebecca, som sjølv definerer seg som panfil, var ei av dei som etterlyste meir prat om ekte menneske, kjensler og grenser.

Aseksuell?
16 år gamle Thien Tran og kameratane hans frå Bergen fortel til Framtida.no at dei bruker internett til å finne ut av det undervisninga ikkje seier noko om. Når Medisinernes seksualopplysning (MSO) i Bergen opnar for anonyme spørsmål lurer elevane på ukjente ord, korleis kome ut som homofil og korleis gå fram når ein er forelska.

Frå sjuande trinn skal elevane ifølgje læreplanen kunne «forklare kva som skjer under puberteten og samtale om ulik kjønnsidentitet og variasjon i seksuell orientering».

Ein skal altså lære om ulike legningar i naturfag, men korleis vert det presentert? Om det heterofile vert framstilt som normen og alt anna som avvik, så er det ganske sikkert ungdommar som vil lukke døra til det berømte «skapet».

Kva om ein ikkje føler på alt dette som er «heilt naturleg» – eit mantra som ofte vert repetert til det keisame?

Opp med handa alle som lærte at det går an å vere aseksuell.

(Tenkte meg det.)   

Snapchat og «Skam»
I ein kronikk i BT i fjor kalla leiar i Elevorganisasjonen Hordaland, Agathe Brautaset Waage, seksualundervisninga latterleg klein. Ho vil ha tidllegare seksualundervisning, som tek for seg tema som identitet og samtykke, ikkje berre penis i vagina.

Etter ungdomsskulen skal elevane kunne «drøfte problemstillingar knytt til seksualitet, ulik seksuell orientering, prevensjon, abort og seksuelt overførbare infeksjonar».

Problem er framleis eit stikkord når det er snakk om seksualitet og eg trur mange som meg oppfatta det som eit kræsjkurs i alt som kan gå gale.

Men kva med alt det gode?

I desse dagar jobbar 125 000 norske elevar frå 1. til 10. trinn med undervisingsopplegg frå Veke 6, laga av Sex og Politikk. I tillegg til det vanlege er temaet i år sosiale medium. For dei minste dreier det seg hovudsakleg om nettvett, medan dei eldste kan lære meir om flørting på nett og kva lovverket seier om nakenbilete. Delinga av Snapchat-bilete og «Skam» har vist at dette er noko det er stort behov for.

Noora
Sjå det legendariske «Skam»-klippet der Noora trugar Nikolai med å anmelde han for barnepornografi fordi han har tatt og oppbevart bilete av ho mot hennar vilje. Skjermdump: NRK

Kva betyr eit nei?
Nesten kvar tredje kvinne og nesten éin av ti menn har vore utsett for seksuelle overgrep eller krenkingar, ifølgje ein norsk rapport frå 2014. Personar i aldersgruppa 15-24 år er i den største risikogruppa for valdtekt.

AUF-leiar Mani Hussaini er blant dei som har etterlyst meir kunnskap om samtykke og grensesetting i etterkant av «Skam»-Vilde sin oppleksing for Noora om valdtekt er.

Så kva er grensesetting? Og kva er samtykke? Ein av filmane til Veke 6 har tittelen «Nei er nei». Det er vel og bra, men kva skjer med «Ja betyr ja», som er slagordet til kampanjen til Norske Kvinners Sanitetsforening og den feministiske nettstaden Under Arbeid.

For kva betyr eit nei, om det er det einaste ordet ein lærer? Og er fråvær av nei, eit ja? (Svaret her er openbert nei.) Det er lett å tru at alt dette er såre enkelt, men mykje kan gå galt om ein ikkje kommuniserer.

LES OGSÅ: Ikkje ver ein forbanna drittsekk

Mellommenneskelege relasjonar
Heldigvis reddar læreplanane i det ofte utskjelte faget KRLE oss inn med eit punkt om etiske spørsmål knytt til mellommenneskelige relasjonar. Dette må vektleggjast i større grad i undervisninga.

Det er lett å google kjønnssjukdommar og «how to make babies». Det er vanskelegare å bruke internett til å lære seg å lytte til seg sjølv og andre.

Kropp og sex er meir enn naturfag og forplantningslære.

Les meir:

Ho vart utsett for valdtekt, no vil ho ha straffelova på pensum

Studentteater og Brynjar Meling spelte reell valdtektssak i retten