Den nye folkesporten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først i Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Vegard Skjefstad er teknisk sjef i House of Nerds, den største møteplassen i Noreg for gamerar og andre teknologiinteresserte. E-sport og gaming er noko dei satsar stort på for tida.

– E-sport er først og fremst ikkje spel som representerer andre sportsspel, men spel som kan utfordra deltakarane og medspelarane med sportsleg balanse. Slik som i sportar må ein fungera som eit lag. Nivået er like høgt, forklarar han.

Ligaen skal først og fremst setjast saman av lag som spelar dei konkurransesterke PC-spela: «Starcraft 2», «League of Legends» og «Counter-Strike: Global Offensive».

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Sportsentusiastane
Me er i ungdomshuset på Laksevåg. Constandino Leiva, Tom Runar Sørlie og Jone Oma inspiserer rommet nøye. Dei er styremedlem i GG Bergen, og må passa på at alt ligg til rette og er planlagt for opninga 7. mars.

– Me har plass til omtrent femten stykk på laurdag, seier Leiva.

Han peikar mot borda i det store lokalet.

– Nei me har plass til mange fleire enn det, skyt Oma inn.

– Jo, men til folk som skal game, seier Leiva.

Gjengen vil starta eit spelehus i Bergen, ikkje ulikt det House of Nerds gjer.

– Det er ikkje noko miljø i Bergen. E-sport i Noreg er sjukt nytt og me må starta ein stad, seier Leiva.

Sjølv har han alltid møtt folk gjennom speling og meiner det er viktig at menneskjer får møta likesinna som kan utfordra dei på den beste måten.

– Mange seier jo heile tida at ungdommane berre sit inne og spelar heile dagen. Men ein har jo ikkje noko val for ein ikkje kan gå nokon stad, forklarar han.

Dei ønskjer å støtta opp om e-sport og avla fram kvalitetsspelarar.

– No håpar eg at me kan få gode spelarar som kan representera Bergen. Kanskje dei til og med kan bli best i Noreg og etter kvart gå på internasjonale events, seier Leiva.

– Det er litt vanskeleg å vera profesjonell i Noreg, for då må du, slik eg ser det, kunne leva av spelet. Det kan ikkje me. Men me tenar pengar på det og me har ein ambisjon om å kunne leva av det me tener etter kvart, seier League of Legends-spelaren Leif Miranda. Foto: Jonas Eian.

LES OGSÅ: Femi-nazi eller eyecandy

Stor bandbreidde
Saman med House of Nerds skal TV 2 visa ti serierundar med kampar kvar dag.

– E-sportmiljøet i Noreg er ganske uoversiktleg. Likevel ser me at mykje av folk sin bandbreidde går til streaming av e-sport, fortel Mikael Harstad Groven, prosjektleiar i TV 2.

Telenor kunne fortelja i år at fire prosent av deira totale bandbreidde gjekk til Twitch, den største streamingtenesta for e-sport i verda. Noreg er likevel langt bak på marknaden.

– Dei store media har ikkje tatt det så seriøst eller sett potensialet. Dette er noko eg har hatt lyst til å gjera lenge og me skal gjera det til vårt eige, fortel Groven.

I Sverige har dei allereie fleire kanalar som viser e-sportkonkurransar med sjusifra premiepottar. Vegard Skjefstad i House of Nerds meiner nordmenn slitt.

– Det er vanskeleg for nordmenn å bli profesjonelle. Likevel finst det fleire lag som i dag lever av det i utlandet. Det er derimot få heilnorske lag i toppen.

Han ønskjer å gi lag moglegheita til å veksa saman og visa seg sjølv fram. Det er noko han understrekar det har vore alt for få moglegheiter til.

– Me kjem til å gi tilskot til laga og visa at dei er attraktive for sponsorar. Me skal gi dei ei ramme å veksa i. Noreg er på vippen til å bli ein e-sportnasjon for godt. Eg trur dei neste store idrettsnamna vil komma frå e-sport.

Skal ein bli god meiner Skjefstad at ein må legga inn arbeid i spelinga:

– Som med all anna sport er det leik og moro fram til ein blir fullblodig idrettsutøvar. Det vil vera mogleg å bruka nokre timar i veka for å ha det moro, men skal ein bli god krev det like mykje arbeid som i alle anna idrett.

Groven håpar at folk vil sitta på tribuna og sjå kvaliteten på spelarane i ligaen.

– Me ønskjer å samla spel-Noreg, og oppnå ei atmosfære som minner om stemninga på fotballkampar.

LES OGSÅ: Tillèt berre ein homofil på laget

Guddommelege spelarar
Benedichte «Glitter» Breistøl eig og administrerer laget Celestial Gaming som skal delta i ligaen. I spelet «League of Legends» kan dei no skryta på seg å vera blant dei beste og mest kjende laga i Noreg. Deira siste erobring var HordaLAN på Sotra Arena, der stakk dei av med sigeren og 35.000 kroner.

– Me er ein norsk e-sportorganisasjon oppretta for å bli best på det me held på meg. Kontinuerleg jobbar me for å betra prestasjonane våre i spel og organisering. Til sjuande og sist er me ein gjeng med ein felles lidenskap: E-sport.

Ho fortel at dei nett no er med i Telenorligaen der dei ligg på førsteplass.

Leif «Xlee» Miranda er lagspelar i Celestial Gaming. Han informerer om at måten dei øver på er veldig lik andre idrettsutøvarar, sjølv om han ikkje ser på seg sjølv om ein.

– «League of Legends» er eit lagspel der alle spelarane må samarbeida, skapa synergi med kvarandre og trivast godt saman. Du må bygga eit lag som faktisk likar kvarandre, sidan det blir brukt mykje tid saman.

Laget har faste treningsdagar måndag til torsdag der dei trenar fire til fem timar. I tillegg blir det lagt inn ekstra treningar før viktige kampar og arrangement.

– For min del er det også viktig å vera i god form. Som dei fleste andre på laget trenar eg. Det er ikkje nødvendigvis fordi spelet i seg sjølv krev det, men trening hjelper deg både fysisk og psykisk og det gjer det lettare å takla kvardagen som e-sportutøvar, fortel Miranda.

Laget tenar pengar på det dei gjer, men dei klarar ikkje å leva på inntekta åleine.

– Om e-sport veks her i landet, slik den har gjort andre stader, så kan kanskje me òg driva med dette på fulltid etter kvart. Det er jo heilt klart draumen. Altså, kven hadde ikkje likt å gjera noko ein elskar kvar dag og å kunne leva av det, spør Miranda.

E-Sport_JJE_10

– Folk må sjå at folk her har barn, kone, kjærast og ikkje berre er nerdar, seier Constandino Leiva frå GG Bergen, som vil starta spelehus i Bergen. Foto: Jonas Eian.

LES OGSÅ: Sportsstipend for dataspel

Skapgamerar
Sjølv om mange samanliknar e-sporten med sjakk er ikkje gutane i GG Bergen heilt  samde i det.

– Desse spela er mykje raskare og vanskelegare å løysa. Her spelar ein i sanntid, og du kan ikkje vita kva motstandaren din gjer, seier styremedlem Oma.

Saman med eit dusin andre menneskje møtes dei i kveld for å spela ein turnering i slåssespelet «Super Smash Bros. Melee» på Gamecube. Her kan alle setja sin favoritt-nintendofigur i kamp.

– Mange folk er her fordi dei har lyst til å vera best i noko. Det er ein menneskjeleg ting å streva for å vera best. Det er ikkje noko pengar i det nett no heller, held Leiva fram.

Når han ikkje ser på e-sport eller spelar, jobbar han i Bergen Taxi som operatør.

– Folk kjem ofte bort til meg for å snakka om gaming. Eg trur det er mange skapgamerar i Noreg.

Han legg til:

– Det er ikkje veldig godteke. Etter ein viss alder tenkjer folk at ein legg spela på hylla, men då er ein samstundes gamal nok til å kjøpa dei spela du vil. Det er eigentleg lettare å vera gamer når ein blir eldre, seier 27-åringen.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida