Deler skjønnheitstips frå fleire hundreår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva med litt radium i ansiktet?

Nasjonalbiblioteket i Oslo jaktar på skjønnheit og helse i si nye utstilling.

Her viser dei korleis haldningane våre til kva som er sunt og usunt, fint og ufint, har kome til uttrykk i bøker og vekeblad, brosjyrar og plakatar, i radio, på film og TV opp gjennom tidene.

I det utstilte materialet finst reklame for alt frå helsetrøyer og ansiktsmasker til høgfjellssol og avmagringsbad.

Oppfatningane om kva som er vakkert og kunnskapen om kva som er helsebringande har endra seg gjennom tidene. Dette kjem tydeleg fram i skjønnheitstipsa frå midten av 1800- og byrjinga av 1900-talet.

LES OGSÅ: – Dei vil at me skal hata oss sjølve, så dei kan tena pengar på oss

– Radium var ein populær ingrediens i skjønnheitsmiddel på denne tida, seier seksjonsleiar Inger Stenersen, som er ansvarleg for materialutvalet i utstillinga.

– For å bevare eit «smukt og strålande ansikt» blei du anbefalt å bruke kvikksølv, men då måtte det liggje i regnvatn nokre dagar først, seier ho.

I skjønnheitsmidla tok ein, då som no, i bruk både planter og dyrerestar. Kreosot blei anbefalt mot «stærkt bedervede tænder», og frekner kunne du fjerne med innvolane frå ei due.

Utstillinga «Jakten på skjønnhet og helse» opnar onsdag 7. september, og står til 15. oktober. Opninga av utstillinga blir markert med ein samtale mellom Marta Breen, Camilla Stoltenberg og Marte Spurkland om det samansette forholdet vårt til den vakre og sunne kroppen. (©NPK)

LES OGSÅ: Det heilage fleskeberget