Dei lægste imellom oss

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har nok sett dei, stuva saman i eit eige kott eller i eit hjørne av det større rommet eller berre i ei pappeske på golvet. Dei som ikkje høyrer til i nokre av dei store, stolte familiane, dei forlatne, dei utstøytte, dei kastelause, dei ingen lenger vil kjennast ved – dei kasserte bøkene.

På alle bibliotek her ute på landsbygda skjer det same. Takk vera innkjøpsordninga for litteratur – som eg prinsipielt sjølvsagt støttar, dei triste konsekvensane til trass – får biblioteka inn minst eitt eksemplar av alle nye skjønnlitterære publikasjonar, uavhengig kor «folkelege» eller «høgkulturelle» dei ymse verka kan seiast å vera. Blir ein forelder til ein diger ungeflokk, eller underviser ein som lærar ei stor klasse, vil ein høgst sannsynleg måtte innsjå at ikkje alle borna greier seg like godt. Nokre blir dei kule som får mange vener, nokre blir dei rare som stort sett går rundt for seg sjølve. Slik er det med bøkene på biblioteka òg: Nokre blir flittig lånte av eit stort publikum, folk står kanskje jamvel på venteliste for å få fatt i dei, medan andre blir taparane, bøkene som fåe legg merke til og endå færre låner. Sjølvsagt er desse forsagte, einsame typane ofte dei mest intelligente, men kva rolle spelar det når ingen vil leike med dei?

Det store samfunnet eit bibliotek utgjer, syner snart fram dei mest barbariske naturlovene sine. Éin ting er å vera ei gamal, rynka bok som hamnar nede i magasinet i kjellaren, ei form for eldreheim for bøkene. Innimellom kjem einkvan iallfall på vitjing, det vera seg av pliktkjensle eller nostalgisk interesse. Dei gamle bøkene har i det minste ein viss pondus, patina, autoritet. Verre er det med dei nye bøkene som aldri blir utlånt, som utan sjølve å yte noko berre tek opp plass i hyllene og krev at bibliotekarane skal tørke støv av dei. Dei kan ikkje bli verande, for det er rett og slett ikkje berekraftig i lengda å forsyrgje slike snyltarar på fellesskapet. Som kondemnabelt skrot blir dei kasta inn i kotta, i hjørna eller ned i pappeskene på golvet, som er dei einaste stadene der slike vrak kan tene ein funksjon. Derifrå blir dei nemleg selde, for ein billeg penge, som magre, elendige slavar på ein mellomaldersk marknadsplass.

Eg, kynisk som eg er, fråssar vellystig på desse ulykksalige kadavera. Då eg fyrste gongen vitja biblioteket på den vesle staden eg nettopp har flytt til, med plan om å låne meg ein bunke bøker til lesing den komande månaden, oppdaga eg raskt at eg likså gjerne kunne forsyne meg med bøker til privat eige for all æve. Eit ganske stort kott er sett av på dette biblioteket til alle dei kasserte bøkene. Pris: Kroner 10 per pose. Den fyrste gongen fann eg så mange freistande lekkerbiskenar mellom desse arme vraka at posen min vart smekkfull, i ein slik grad at han rivna straks eg hadde gått ut døra. Eg etterlét meg bortgjennom gata ein veritabel stig av bøker, som i det minste gjorde det lett å finne vegen attende til biblioteket neste gongen eg skulle dit. Ved dette neste høvet tenkte eg vel å merkje å moderere meg, ikkje minst sidan sambuaren min er kritisk til alle desse bøkene eg dreg i hus og alltid driv og les parallelt, og som eg legg ifrå meg i oppslått tilstand i senga, på badet, i sofaen, på kjøkenet … Så eg nøgde meg med å plukke med meg tri bøker som eg fann svært pirrande trass i – eller kanskje nettopp på grunn av – den skammeleg låge statusen deira. Eg gjekk til disken og la fram for bibliotekaren ein skinande tikroning i den trua at det var same pris for ein pose bøker anten ein fylde han til randa eller ikkje, og så gjekk eg mot døra med nasen nede dei nykjøpte bøkene mine. Men bibliotekaren kom springande etter meg og ropte: «Skal du ikkje ha attende vekslepengane dine?» «Vekslepengane?» spurde eg. «Ti kroner for ein pose,» svara ho, «men ved kjøp av ni eller færre bøker, er prisen ei krone per bok.» Eg skulle altså betala tri kroner og få sju kroner attende på ein tiar. Finst det overhovudet noko anna ein kan kjøpe i ein butikk i Noreg i dag for å si lite som ei krone per stykk? I barndommen min var det visse einskildvise drops og tyggegummiar som hadde den prisen, men jamvel dei har vorte dyrare no.

Eg er i ein spesielt heldig situasjon fordi den typen bøker som aller oftast blir utstøytte og selde på billegsal, er av akkurat den sjangeren eg set aller høgast. Det dreier seg naturlegvis om lyrikk, noko nesten ingen i Noreg ser ut til å ha den ringaste interesse av. Ser eg at biblioteket har fått inn ei ny diktsamling, gjer eg lurt i å la vera å låne henne. Når det har gått eit års tid og bibliotekaren ser i protokollen sin at boka enno ikkje er lånt av ei levande sjel, må ho etter reglane kassere henne og flytte henne over til billegsalet, dit eg då kan koma gåande med eit kronestykke. Så er boka slaven min for alltid, ingen kan ta henne ifrå meg. Litt misunnelege må de vel bli, når eg seier at ei heil bok fulle av dikt som det fylgjande, vart mi for berre ei krone? Skotske Kenneth Steven omsett til norsk av Mathias Hoem.

Hakkespetten pikkar morsesignal,
kråker kranglar høglydt på tysk gjennom daggryet.

Skogduer seier mjuke franske kjærleiksord,
mens sporv på kvisten småpratar på italiensk.

Ramnen er norrøn, røysta hans er hogd ut av kvasse klipper,
og gjæser småkranglar om islandske sagaer.

Midtvinters er alt eg kan høyre spovane,
som ved nattetid skrik sine gæliske songar.


Først publisert på Magasinett!