Daudmannsknapp gav NM-siger

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjøsikker SB vart i dag kåra til årets studentbedrift under NM i studentbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap. Her har 23 studentbedrifter konkurrert om ei rekkje prisar, som beste forretningsplan og beste HR-bedrift.  

– Wow! Vi såg at det var mange sterke konkurrentar her på NM, og det er helt utruleg å vinne! Dette gir oss en rakettstart på bedrifta. Vi gler oss veldig til å utvikle produktet vidare og til å delta på EM, seier Christian Frost Røine, økonomi- og salsansvarleg i Sjøsikker SB, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil ha fleire studentbedrifter

Potensiale
I grunngjevinga frå juryen heiter det at daudmannsknappen er eit nyttig produkt, som aukar tryggleiken for mange menneske. Vidare meiner dei produktet har ”potensiale til å bli noko både kult og tøft for målgruppa, som er både foreldre, ungdom og barn.”  

Ove-Henrik Røine, Christian Frost Røine og Fredrik Eriksen, står bak bedrifta og er alle ivrige båtfolk. Dei trur samansetninga med kompetanse innan mellom anna skipsfart, økonomi og entreprenørverksemd, har vore ein avgjerande suksessfaktor for bedrifta.  

Som vinnarar får dei 40.000 kr, og dei får representere Noreg under EM i Belgia seinare i sumar.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar