Danmark startar hackerakademi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne beskjeden møtte hackarar, som prøvde seg på det danske forsvarets etterretningsteneste sin noko utradisjonelle førsteprøve.

Då det danske forsvarets etteretningsteneste søkte etter framtidas hackartalent, laga dei ei interaktiv skattejakt med kodar som måtte knekkast undervegs. Her kan du lesa korleis det gjekk då danske Politiken sin utviklar tok utfordringa.

Målet er å finne framtidas agentar, som kan angripe og spionera på framande statsmakter og terrororganisasjonar.

LES OGSÅ: Femi-nazi eller eyecandy

Hemmeleg adresse
Den danske etterretningstenesta vil ikkje ut med kor mange som klarte utfordringa innan tidsfristen, men ifølgje Politiken er det truleg rundt ti personar og grupper.

Dei som klarte testen og andre interesserte, vert oppmoda til å søkja hackar-akademiet innan fristen 18. april. Hackerutfordringa er berre første steg på vegen mot ein meir tradisjonell opptaksprøve.

I opptaksprosessen fram til 24. juni skal kandidatane mellom anna gjennom fleire online-prøvar og psykologsamtalar.  

Hackerakademiet varar i 4,5 månadar på ei hemmeleg adresse i Københavns-området. I løpet av denne tida skal dei unge håpefulle læra om nettverk, it-infrastruktur, avansert tryggleik, korleis ein forsvarar seg mot hackarar og faktiske hackarteknikkar.

Håpar på få hackarar
Sjef for det danske forsvarets etteretningsteneste, Lars Findsen, seier til Politiken at det er ei utfordring å finne nok folk i eit lite land som Danmark.

– Det handlar ikkje om fullt kapable hackarar – dei er det forhåpentlegvis ikkje alt for mange av der ute – men folk, som har grunnkompetansen, som me så kan byggja vidare på, strekar han under.

Og ser du for deg ein karriere som dansk hackar, er det desse kriteria som gjeld:

► Du har velutvikla programmeringsferdigheiter

► Du har høg matematisk/logisk intelligens.

► Du kan arbeida i eit team der det vert stilt høge krav til deg

► Du er ikkje tidlegare straffedømt

Du finn søknadsskjemaet her. (Sjølv om det er lite truleg at Danmark vil ha norske statsborgarar til å drive spinoasje for seg.)