Bygda trekkjer til seg fleire kunstnarar

Stadig fleire kunstnarar snur ryggen til byane og slår seg ned på småstader.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Telemarksforskning og medlemslister i ti norske kunstnarorganisasjonar viser ei endring i busetjingsmønsteret til kunstnarar, skriv NRK. Dei tre siste åra har Oslo fått 2,4 prosent færre kunstnarinnbyggjarar. I Bergen er tilbakegangen på 3 prosent. Nedgangen skjer trass i at talet på kunstnarar i Noreg har auka i den same perioden.

Fylka Hedmark og Oppland kan derimot gle seg over ei kunstnartilflytting som har auka med høvesvis 7 og 3 prosent sidan 2010.

Rådgivar i kultureininga i Oppland fylke Hallfrid Velure er glad for at fleire kunstnarar vel å slå seg ned i traktene.

– Undersøkingar viser at Oppland har få unge kunstnarar og nyetableringar. Derfor er auken i tilflyttinga både spennande og viktig for oss, seier Velure til NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: Tekstilkunstnar opnar tekstilfabrikk