– Bruk oss i kampen mot mobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev oppfølging av mobbe-tiltak

Trass i Mobbemanifest, mange presseoppslag og regjeringslovnader – talet på elevar som blir mobba går ikkje ned. Ifølgje Elevundersøkinga som blei lagt fram på tysdag, er det framleis nær 30.000 elevar som blir mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare i norske skular.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Axel Fjeldavli, er ikkje overraska over at like mange elevar som før melder at dei blir mobba.

– Me har ei oppleving av at det finst veldig mange gode tiltak, men at oppfølginga ikkje er god nok. Det finst mobbeplanar på dei fleste rektorane sitt kontor. Me har òg manifest mot mobbing. Men det blir likevel ikkje opplevd at desse planane blir følgt godt nok opp, seier han til Framtida.no.

Axel Fjeldavli krev at staten, ved fylkesmennene, følgjer skulane opp i større omfang enn det blir gjort i dag.

94,5 prosent av alle dei 364 skulane staten har ført tilsyn i 2010 og 2011 fekk pålegg som dei må retta opp.

LES SAKA: Skulane sviktar mobbeoffera

– Involver elevane!
Axel Fjeldavli i Elevorganisasjonen seier at det er viktig at elevane blir involvert i kampen mot mobbing på skulane.

– Det må vera rom for å ta opp mobbing i klassen og å spørja om kva klassemiljø me vil ha. Og det må vera heilt uakseptabelt at ein blir stempla som tystar om ein seier ifrå om ein sjølv eller andre blir mobba, slår han fast.

Halvorsen utfordrar skulane
– Regjeringa satsar mykje på arbeidet mot mobbing, og me vil enno ha stort trykk på dette framover. Likevel er det på den einskilde skulen og i den einskilde kommunen og fylkeskommune jobben må gjerast. Her vil eg utfordre kvar einaste skoleeigar, rektor og lærar til å gå bak tala frå Elevundersøkinga og finna ut der ”skoen trykkjer”, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i ei pressemelding tysdag.

– Høg trivsel på skulen bidreg til motiverte elevar, mindre fråvere og kan difor òg vera med på å hindre fråfall frå vidaregåande skule, seier statsråden. Ho oppfordrar spesielt kommunestyra til å bruke Elevundersøkinga når dei skal diskutere utdanning og oppvekstvilkår i kommunen sin.

LES OGSÅ: – Gå til rektor med håplause lærarar

Ho lovar at fylkesmennene held fram tilsynet ved skulane. Regjeringa vil halda fram med å støtta mobbeprogram, og vil halda fram satsinga på å betra læringsmiljøet ved skulane.

Over 330 ordførarar har til no signert lokale mobbemanifest, men enno manglar kring 100 kommunar.

LES OGSÅ: – Mobbekampanjar er bortkasta

Dømt i Høgsterett
Tidlegare i år blei Kristiansand kommune dømt i Høgsterett til å betala erstatning på 900.000 kroner i ei mobbesak. I dag arbeider kommunen systematisk for å følgje opp skulane sine for å førebyggja mobbing og hindre at det vil kome nye saker i framtida.

– Heile lokalsamfunnet må samarbeida for at elevar ikkje skal oppleva mobbing eller diskriminering, oppfordrar Kristin Halvorsen.

Kva meiner du må til for at færre elevar skal sleppa å bli mobba på skulen?