Ber Oljefondet rydda opp

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om regjeringa i praksis vil sikra urfolksrettar bør me ikkje investera milliardar av kroner i selskap som overser internasjonale reglar, seier Jørn Wichne Pedersen, leiar i SAIH, i ei pressemelding.

Det er omdiskuterte gruveprosjekt i Latin-Amerika som vekkjer harme. Ein ny rapport frå organisasjonen viser at Statens Pensjonsfond Utland, eller Oljefondet, står saman med fleire andre store selskap i investeringa i gruvearbeidet.

I rapporten blir det konkludert med at det vart brukt uetiske og feilaktige metodar for å få etablert og utvida gruvene.

LES OGSÅ: – Oljefondet knuser hjarta våre

Råkar urfolket
Det er spesielt behandlinga av urfolket SAIH reagerer på. I Colombia har Cerrejongruva vore i 30 år, og urfolka Wayúufolket og afrocolombianarane må lida, står det i pressemeldinga frå SAIH.

– Wayúufolket og afrocolombianarane i området har blitt tvangsfordrive til fordel for  verksemda. I tillegg har gruva forureina vatn, luft og jordsmonn. Dette har ført til store negative konsekvensar for befolkninga i området, seier Wichne Pedersen i pressemeldinga.

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen