Aurlandskoen får vist seg fram

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia til Aurlandsskoen starta då eventyraren og skomakaren Nils Tveranger kom tilbake frå eit opphald i USA på slutten av 1800-talet, inspirert til å starte skomakarverksemd.

Ved Aurland skofabrikk i Sogn og Fjordane blir Aurlandsskoen framleis produsert etter den modellen som blei laga på 1930-talet. Skofabrikken er òg del av Économusée – ei internasjonal samling bedrifter som driv vareproduksjon ved hjelp av gamle handverksteknikkar, fortel Nationen.

LES OGSÅ: Sel sko til Asia

6000 par
Eit vilkår for å høyre til Économusée er at verksemdene skal vere opne for publikum og syne fram produksjonsteknikken. Medan alt tidlegare blei gjort for hand, er det no maskinar som står for saumen på Aurlandsskoen.

Ifølgje Nationen var det i glansdagane mellom 1930 og 1970 stor eksport av skoen. I dag lagar dei seks-sju tilsette ved Aurland skofabrikk over 6.000 par sko i året. I tillegg til klassikarane, lagar dei nye fargevariantar vår og haust.

Samarbeid
Det norske designkollektivet Haik i Oslo har også fått auga opp for den tradisjonsrike skomodellen, skriv Aftenposten. Ida Falck Øien, Siv Støldal og Harald Lunde Helgesen står bak det norske klesmerket, som har kundar i mellom anna Oslo, Los Angeles, London, Paris og Japan.

Aurlandsskoen er kalla «the original penny loafer», fordi ein kan plassere ein tiøring i sprekken i tverreima som går på tvers av skoen. Dette truleg for å gi lykke, eller for å vise at ein hadde fast følgje, heiter det.

– Vi har jobba med Aurland Skofabrikk sidan den første kolleksjonen vår. Då hadde Haik eit prosjekt som handla om å kle seg for suksess. Og med tanke på tiøringen som er plassert i «flappen» på Aurlandsskoen, var det naturleg å oppsøkje dei for eit samarbeid, seier Helgesen til avisa.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Forvandla
I hendene på Haik har Aurlandsskoen fått nytt liv, mellom anna med gullpynt, handmåling og hakkete solar.

Aftenposten fortel at skoa har fått mykje merksemd i utlandet. Harald Lunde Helgesen trur det er noko med den spesielle forma på skoen som gjer at han appellerer til motenerdar i heile verda.

– Dei har selt godt i Italia, som jo er skolandet . Det er ein veldig unik og spesiell sko, men italienarar forstår han veldig godt, seier han.

Også asiatane har fått auga opp for Haik, og Japan utgjer no den største marknaden til merket.